Nyheter

Finansmakt pressar vindselskap om samiske rettar

URFOLK: Finanskonsernet Storebrand meiner det er fare for brot på menneskerettane til reineigarane som blir ramma av omstridt vindkraftpark. Difor har dei plassert Eolus Vind på observasjonslista. Slett ikkje, svarar vindselskapet.

– Når staten ikkje verkar å sjå dei raude flagga, er det viktig og rett at næringslivet og investorar ser nærare på det, seier sametingsråd Maja Kristine Jåma.

Sametingsrådet er Sametingets regjering.

På Øyfjellet i Nordland står det 72 vindmøller. Snart produserer milliardanlegget straum. Den amerikanske aluminiumsprodusenten Alcoa i Mosjøen har kjøpt all kraft som blir produsert i 15 år.

Oslo 20210826. 
Maja Kristine Jåma, reindriftssame fra Fosen-området, holder appell foran Stortinget i Oslo i forbindelse med Høyesteretts behandling av Fosen-saken.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Vindmølleparken bles også god med pengar inn til kommunen som husar parken. Vindkraftavtalen sikrar Vefsn til saman 422,5 millionar kroner i konsesjonsperioden på 25 år.

Bryt med menneskerettane

Men Storebrand er svært uroleg for utbygginga på Øyfjellet – som også skal handsamast av domstolen til våren.

Finanskonsernet fryktar at vindkraftparken bryt med menneskerettane til reineigarane som driv reindrift i same område.

Difor er svenske Eolus Vind plassert på observasjonslista, melder Storebrand i kvartalsrapporten Sustainable Investment Review. Selskap som kjem på denne lista må innfri krav frå Storebrand. Dersom krava ikkje blir innfridde, blir selskapa svartelista. Difor kan Eolus Vind på sikt bli dumpa frå Storebrands investeringsunivers.

Prosjektselskapet Øyfjellet Wind er eigd av det tyske investorfondet Aquila Capital, medan Eolus Vind har utvikla prosjektet og er ansvarleg for utbygginga av vindparken.

VINDPARK: Øyfjellet ligg ved Mosjøen i Nordland. Her står det allereie 72 vindmøller

Juridisk bombe i Høgsterett

Ein oktoberdag i fjor detonerte ei juridisk bombe i Norge:

Høgsterett slo fast at to vindkraftverk på Fosen i Trøndelag blei skrudde opp i strid med urfolksrettane. Sørsamiske reindriftseigarar fekk medhald, vindkraftutbygginga krenkar deira rett til kulturutøving etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettar.

Vedtaka om konsesjon og løyvet til oreigning er difor ugyldige, konkluderte Norges høgste domstol.

Fosen-dom skaper presedens

I den ferske berekraftsrapporten omtalar Storebrand høgsterettsdommen som epokegjerande. Selskapet skriv at dommen dannar presedens for korleis urfolks rettar skal tolkast i område med konflikter rundt fornybar energiproduksjon.

Difor har Storebrand plassert Eolus Vind på observasjonsliste. Dei meiner det er fare for brot på menneskerettane til reineigarane i reinbeitedistriktet Jillen-Njaarke.

Åfjord Fosen 20201013. 
Reinsdyr vandrer rundt vindmøllene på Storheia vindpark, som er den største av vindparkene i porteføljen til Fosen Vind, og den andre av vindparkene som ble bygget. Da den ble overført til ordinær drift i februar 2020 var den Norges største med 80 turbiner og en installert effekt på 288 MW.
Foto: Heiko Junge / NTB

Stiller to krav

I rapporten peikar finanskonsernet på at det ikkje eksisterer noko semje mellom Eolus Vind og reindrifta om såkalla avbøtande tiltak i samband med vindkraftutbygginga på Øyfjellet.

For at Eolus Vind ikkje skal bli svartelista, må dei oppfylle to krav: Gjennomføre ein skikkeleg konsultasjonsprosess med Jillen-Njaarke, og sikre avbøtande tiltak som sikrar reindrifta levelege kår i åra som kjem. Eolus Vind må også få på plass ein policy om urfolks rettar, som skal brukast i nye prosjekt som involverer urfolk.

Sametinget seier det er rett av Storebrand å setje Eolus Vind på observasjonslista, og sametingsråd Maja Kristine Jåma meiner at alle selskap burde ha retningsliner av typen som Storebrand etterlyser.

Skilnad på Fosen og Øyfjellet

I Eolus Vind slår leiinga tilbake mot Storebrand. Kommunikasjonssjef Karin Wittsell Heydl skriv i ein e-post til Vårt Land at «vi utvikler en vindpark som har vært gjennom en grundig konsesjonsprosess med godkjenning fra lokale og nasjonale myndigheter.»

Wittsell Heydl meiner Storebrand i stor grad baserer uroa for menneskerettsbrot på Fosen-saka:

«Det er betydelige forskjeller mellom disse sakene. Prosjektene i Fosen ligg innenfor viktige vinterbeitesoner, mens diskusjonen om Øyfjellet har handlet om flytting av rein til og fra et begrenset vinterbeiteområde som ligg utenfør vindparken.»

Vi vil fortsette å jobbe for en god og konstruktiv dialog om avbøtende tiltak

—  Karin Wittsell Heydl, kommunikasjonssjef i Eolus Vind

Arbeider med policy

Som svar på Storebrands krav om eigen urfolkspolicy, svarar Wittsell Heydl at Eolus Vind no utviklar ein selskapspolicy for menneskerettar og «formaliserte retningslinjer for urfolks rettigheter».

Ho legg til at Eolus Vind og reinbeitedistriktet har hatt omfattande og grundige konsultasjoner over år, og at ein har fått på plass to avtalar for anleggsfasen.

«Dessverre har partene ennå ikke klart å bli enige om driftsfasen. Vi vil fortsette å jobbe for en god og konstruktiv dialog om avbøtende tiltak, slik at vi kan legge enda bedre til rette for flytting av rein», skriv kommunikasjonssjefen.

Øyfjellet Wind Park

Blir rettssak til våren

Akkurat som på Fosen skal utbygginga på Øyfjellet få viktige avklaringar i rettsapparatet. Etter planen skulle reinbeitedistriktet Jillen-Njaarke og utbyggjarselskapet Øyfjellet Wind møttest i Helgeland tingrett i vår. Men saka blei utsett til neste vår.

Rettssaka skal avgjere følgjande:

  • Utbyggjarselskapet Øyfjellet Vind skal betale erstatning til reinbeitedistriktet for ulempene vindkraftverket skaper.
  • Når partane i ei oreigningssak ikkje blir samde, må erstatninga bli fastsett av domstolen i ei skjønnssak.
  • Reinbeitedistriktet meiner at konsesjons- og oreigningsvedtaket er ugyldig og at skjønnssaka skal bli nekta fremma.

---

Øyfjellet

  • 72 vindmøller i Øyfjellet vindpark skal fullt utbygd produserer 1,3 TWh, om lag ein prosent av Norges totale straumproduksjon.
  • Prosjektselskapet Øyfjellet Wind er eigd av det tyske investorfondet Aquila Capital, medan Eolus Vind har utvikla prosjektet og er ansvarleg for utbygginga av vindparken.

---


Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter