Nyheter

Tyrkia: – Sverige og Finland lova å få bukt med terror

Styresmaktene i Tyrkia seier Sverige og Finland har lova å samarbeide i kampen mot terrorisme.

Dei tre landa heldt fredag det første møte etter at dei underteikna ein avtale som sikra tyrkisk støtte til svensk og finsk Nato-medlemskap.

Ibrahim Kalin, utanrikspolitisk rådgivar for Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, seier i ei fråsegn at dei nordiske landa «fornya forpliktinga» til å samarbeide om å få bukt med terror.

Det har ikkje komme ut mange detaljar om kva som konkret vart diskutert på møtet i Helsingfors. Utanriksdepartementet i Finland opplyser at landa skal ha fleire møte utover hausten.

NTB Nyheter

NTB nyheter

Mer fra: Nyheter