Jødar rømer frå krigen – strøymer til Israel
KRIGEN I UKRAINA: Jødar pakkar og reiser frå både Russland og Ukraina. Sidan februar har over 20.500 russiske jødar landa i Israel. Nokre få ukrainske jødar har valt Norge.
TIL ISRAEL: Jonathan Markovitch kyssa barnebarnet då dei landa på flyplassen i Tel Aviv. Han var sjefsrabbinar i Ukrainas hovudstad Kyiv fram til mars i år. Då flykta han og familien til Israel.
Maya Alleruzzo
— Jødar som for eitt år sidan ikkje tenkte på å bryte opp og reise, pakkar no og migrerer særleg til Israel, fortel Dag Øyvind Juliussen, dagleg leiar i organisasjonen Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ) til Vårt Land.
24. august er det seks månader sidan Russland invaderte nabolandet Ukraina. Ukrainske jødar flyktar til liks med andre ukrainarar frå krigen. Russiske jødar reiser frå Russland fordi dei fryktar morgondagen.
— Dei reiser medan dei kan, for snart kan det vere for seint. Grensene kan bli stengde, fryktar mange russiske jødar, fortel Juliussen, og minner om at under den kalde krigen fekk ikkje jødar fritt utvandre frå Sovjetunionen.