Nyheter

Utval skal sjå på samhandlinga mellom politiet og helsevesenet før Oslo-skytinga

Informasjonsdeling og samhandling mellom politiet, PST og helsevesenet i forkant av skytinga i Oslo 25. juni skal evaluerast.

Dette inneber kva vurderingar og førebyggjande arbeid som vart gjort opp mot gjerningspersonen. Utvalet skal vurdere i kva grad politiet eller PST, med bakgrunn i den informasjonen dei hadde inntil tidspunktet for hendinga, kunne førebygd eller hindra hendinga, opplyser politiet i ei pressemelding.

Vidare skal utvalet gå gjennom den operative handteringa til politiet, inkludert samhandlinga mellom politiet, PST og andre relevante aktørar. Dette omfattar kommunikasjon ut mot befolkninga knytt til gjennomføring av arrangement i tida etter hendinga.

Det er politidirektøren og PST-sjefen som har vedteke at handteringa av masseskytinga i Oslo sentrum natt til 25. juni skal evaluerast. No er samansetninga av utvalet og mandat for arbeidet klart.

Utvalet skal leiast av førsteamanuensis Pia Jansen ved Forsvarets høgskole.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter