Nyheter

Israel har stengt kontora til palestinske menneskerettsorganisasjonar

Israelske soldatar har søkt gjennom og forsegla kontora til fleire palestinske menneskerettsorganisasjonar i Ramallah på den okkuperte Vestbreidda.

Israelske styresmakter har tidlegare terrorstempla fleire av organisasjonane og skuldar dei for å vere kontrollerte av Folkefronten for Palestinas frigjering (PFLP).

Ei rekkje land som i årevis har støtta organisasjonane, blant dei Noreg, har etterlyst bevis for skuldingane, noko Israel hevdar å ha lagt fram. Det har utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) avvist.

– Det materialet vi har fått frå Israel, er etter vårt syn ikkje tilstrekkeleg til å grunngi terrorlistinga av dei seks organisasjonane, sa ho til NTB førre månad.

Ni andre europeiske land har også teke avstand frå terrorskuldingane mot dei palestinske organisasjonane, blant dei Tyskland, Frankrike, Nederland, Sverige og Danmark.

Norsk Folkehjelp har samarbeidd med fleire av dei terrorlista organisasjonane og meiner Israels forsøk på å kneble og forby dei føyer seg inn i rekkja av forsøk på å kneble kritikarar.

– Angrepet illustrerer ein trend vi har sett over fleire år der Israel bruker alle middel for å stilne kritikarar og kartlegging av brot på palestinske menneskerettar, sa generalsekretær Henriette Killi Westhrin til NTB då svartelistinga vart kjend.

Det er ei oppfatning Amnesty International og Human Rights Watch delar.

– I fleire tiår har israelske styresmakter systematisk prøvd å kneble overvaking av menneskerettar og straffe dei som kritiserer undertrykkinga deira av palestinarar, heiter det i ein felles uttale frå dei to menneskerettsorganisasjonane.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter