Nyheter

Angripar seier han er overraska over at Rushdie overlevde

Mannen som er sikta for knivangrepet mot forfattaren Salman Rushdie førre veke, seier i eit intervju at han er overraska over at 75-åringen overlevde.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Det var idet Rushdie skulle halde eit foredrag i Chautaqua i delstaten New York i USA fredag at ein mann storma opp og byrja å stikke den 75 år gamle britisk-indiske forfattaren.

24 år gamle Hadi Matar vart arrestert straks etter angrepet på Rushdie. I eit fengslingsmøte dagen etter nekta 24-åringen straffskuld for drapsforsøk på den britiske forfattaren.

I eit intervju med New York Post frå fengselet, fortel han at han bestemde seg for å dra på arrangementet med Rushdie i fjor vinter.

– Då eg høyrde at han overlevde, vart eg vel overraska, seier Matar til avisa.

Rushdie fekk skadar i levra, armen og eit auge, ifølgje agenten. Han ligg framleis på sjukehus, men er i ferd med å friskne til.

Fatwa

24-åringen ville ikkje seie om han var inspirert av fatwaen Irans dåverande leiar, ayatolla Ruhollah Khomeini, skreiv ut mot Rushdie etter utgivinga av romanen «Sataniske vers».

Boka vart oppfatta som blasfemisk av mange muslimar. Khomeini erklærte at Rushdie måtte drepast, og at det same gjaldt utgivarar av boka.

– Eg respekterer ayatollaen. Eg synest han er ein stor person. Det er alt eg vil seie om det, sa Matar, og la til at han berre har «lest eit par sider» av Rushdies roman.

– Eg likar ikkje personen. Eg synest ikkje han er ein god person. Han er ein person som angreip islam. Han angreip trua og trussystema, sa Matar vidare om Rushdie.

Endra seg etter familiebesøk

Til avisa forklarer Matar at han tok buss til Buffalo dagen før angrepet og deretter ein drosje til Chautaqua. Han kjøpte deretter ein inngangsbillett til senteret der foredraget skulle haldast, og sov på graset utanfor natta før Rushdies planlagde foredrag.

Matar vart fødd i USA, men han har også statsborgarskap i Libanon, der foreldra er fødde. Mora har fortalt at sonen forandra seg etter å ha besøkt familie i Libanon i 2018.

Etter besøket skal han ha vorte meir lukka, humørsjuk og meir opphengt i islam, ifølgje mora.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter