Kraftekspert om krisa: – Dusj kortare og ha det kaldare inne
KRISE: Ein tredel av straumen går til private hushald. No ber kraftanalytikar folk om å læra seg straumsparing.
KAN KUTTA: Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt peiker på to straumsluk i private hushald: Varmtvatn og oppvarming.(Foto: Marius Helge Larsen/NTB)
– Me har ein heil generasjon som ikkje veit kva straumsparing er for noko. Det merka me godt i fjor vinter. Å lære seg straumsparing er er sunt for samfunnet.
Det seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight til Vårt Land.
Medan politikarane diskuterer ulike straumstøtte-tiltak, ber han folk flest ta ansvar i møte med straumkrisa.