Nyheter

Straumutgiftene ved universiteta har gått i taket

Universiteta i Sør-Noreg har samla fått auka energikostnadene med godt og vel 200 millionar kroner.

– Det blir brutalt framover, spår økonomidirektør Steinar Sundberg ved Universitetet i Bergen (UiB). Her har dei eit overforbruk på fleire titals millionar kroner på grunn av dei høge straumprisane. Dei reknar med at det kan vere snakk om 60 millionar kroner så langt i år.

– Alle ser jo galskapen i dagens prisar og kva det inneber. Dette er driftsmidlar som kunne vore brukte til andre ting enn energi, seier overingeniør Steinar Sundberg til Khrono.

– I første omgang blir det utsetjing av prosjekt, noko som går ut over både studentar og tilsette i form av manglande fasilitetar og plass, seier han.

Ved Universitetet i Oslo (UiO) må dei også ut med 60 millionar kroner meir enn budsjettert i 2022, ifølgje prognosen.

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) reknar dei med at auken vil vere ein stad mellom 25 og 30 millionar kroner ved utgangen av året.

Prognosane for Oslomet gir grunnlag for å tru at straumutgiftene kan bli så mykje som 20 millionar kroner høgare enn budsjettert.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter