Minst åtte drepne av bombe i Kabul

Minst åtte menneske er drepne og mange er såra i ein bombeeksplosjon i ein sjiamuslimsk del av Kabul, opplyser ein talsmann for Taliban-regjeringa.

Publisert Sist oppdatert

– Åtte av våre landsmenn vart martyrar, og 18 andre vart såra, seier talsmannen Zabihullah Mujahid.

Ifølgje ein talsmann for politiet var bomba skjult i ei handkjerre med grønsaker og eksploderte fredag kveld tett ved ein moské.

Eksplosjonen fann stad i eit nabolag vest i Kabul der mange av innbyggjarane tilhøyrer hazara-minoriteten og er sjiamuslimar.

Det er ikkje kjent kven som står bak, men den ytterleggåande sunnimuslimske islamistgruppa IS har dei siste åra gjennomført ei rekkje angrep mot sjiamuslimske mål i Afghanistan.

(©NPK)