Nyheter

Millionunderskot i Oslosenteret

TAPT EIGENKAPITAL: Oslosenteret fekk eit underskot på nesten 1,5 millionar kroner i fjor. Styret melder at vidare drift er usikker. Stiftelsestilsynet har senteret under observasjon.

Vårt Land fortalde i mai at Oslosenteret, som KrFs tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik etablerte i 2006, hadde blitt ramma av underslag, underskot og sponsorsvikt i seinare år.

I åra 2016-2018 var det samla underskotet på nesten ti millionar kroner. I 2018 og 2019 gjekk eigenkapitalen tapt begge år.

Nå er årsrekneskapen for 2021 gjort offentleg. Tala viser at Oslosenteret strevar økonomisk:

  • Underskotet enda på 1.442.394 kroner.
  • Eigenkapitalen er tapt.

I fjor hadde senteret samla inntekter på nesten 13 millionar kroner, men utgiftene kom opp i 14,4 millionar.

Er under observasjon

Oslosenteret er ei stifting. Difor måtte revisor varsle styret som måtte varsle Stiftelsestilsynet når det blei klart at eigenkapitalen til stiftinga var tapt.

Tilsynet opplyste til Vårt Land i mai at det ikkje hadde opna tilsynssak, men hadde Oslosenteret til observasjon. Det har det framleis. Stiftelsestilsynet fortel Vårt Land at det er forhold som må bli avklarte.

I brevet revisjonsselskapet RSM Norge skriv til styret i Oslosenteret – som har overskrifta «Uttalelse om årsregnskapet» – sender revisor eit varsel: «Vesentlig usikkerhet knyttet til fortsatt drift.»

Her skriv revisor at det «foreligger vesentlig usikkerhet som kan skape tvil av betydning om stiftelsens evne til fortsatt drift».

os

Kuttar kostnader

Styret i senteret, som blir leia av Kjell Magne Bondevik, vedgår i ein note til 2021-rekneskapen at stiftinga slit: «Ettersom stiftelsens forpliktelser er høyere enn stiftelsens bankinnskudd og avtalte tilskudd ikke har kommet som forventet i 2021, erkjenner styret at dette gir grunnlag for usikkerhet rundt fortsatt drift.»

Styreleiar Bondevik og styremedlemmene skriv at kostnader er kutta og arbeidet med få på plass avtalar med gamle og nye partnarar, er styrkt. For Oslosenteret treng fleire gjevarar.

Arbeidet har «gitt nye inntekter», melder styret. På eit styremøte i juni blei dei økonomiske tilhøva drøfta.

I fjor lønna Oslosenteret fire årsverk, fortel årsrekneskapen. Heimesida til senteret opplyser at staben i Norge no tel tre personar, ein direktør, ein rådgjevar og ein kommunikasjons- og marknadsmedarbeidar. Bondevik er arbeidande styreleiar.

I tillegg har senteret fem medarbeidarar ved kontoret i Kenya som arbeider med prosjekt i fire afrikanske land.

Får støtte frå Sverige

Årsrapporten for 2021 fortel at Oslosenteret mottok offentleg støtta frå svenske Sida, som motsvarar norske Norad. Vidare fekk dei prosjektstøtte frå Christian Democratic International Center (KIC), ein svensk organisasjon som arbeider med demokratiutvikling, Diakonia, ein svensk bistandsorganisasjon og Uraia – Kenyas National Civic Education Program.

Sju privatpersonar og verksemder stilte opp med pengegåver i fjor: James Reimer, kanadisk investor, reiarlaget Havila Holding, Vestre AS (familieselskapet til næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), Arne Fredly, norsk investor, eigedomsselskapet Valter Jensen og Sønn, reiarlaget Nordic American Tankers og stiftinga Dialog for fred.

Millionar påverka sponsorar

Dagbladet fortalde i fjor haust at Oslosenteret og Kjell Magne Bondevik hadde fått millionar frå Muslim World League (MWL), som har hovudsete i Mekka. Organisasjonen skal ha nære band til Saudi-Arabias regime, noko som er stadfesta av mellom anna Utanriksdepartementet. Bondevik seier MWL er heilt uavhengig

Millionane til Oslosenteret og Kjell Magne Bondevik personleg kom via Stiftelsen Dialog for fred.

Dagbladet har avdekt at Dialog for fred, ved leiar Aamir J. Sheikh, Kjell Magne Bondevik – og Oslosenteret – skal ha fått totalt 12,8 millionar kroner frå Muslim World League. Bondevik personleg skal ha fått 1,4 millionar og Oslosenteret 5,4 millionar kroner.

Dagbladets dekning av samarbeidet mellom Kjell Magne Bondevik, Oslosenteret og Muslim World League hadde – saman med koronapandemien – økonomiske konsekvensar, vedgjekk direktør Karolina Olofsson i mai:

«Dette påverka våre sponsorar, så me fekk mykje lågare inntekter i 2021 enn det som var planlagt.»

Vårt Land har ikkje lukkast med å få kommentarar frå Bondevik og Olofsson.

---

Oslosenteret

  • Etablert som ei stifting i 2006 av eks-statsminister Kjell Magne Bondevik og eks-statsråd Einar Steensnæs, begge frå KrF.
  • Dei første åra var Bondevik president ved senteret, no er han arbeidande styreleiar.
  • Senteret arbeidde lenge med særleg fred og menneskerettar, no med demokratisering og demokratisk styresett.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter