Nyheter

Unge kvinner og menn vil utvide abortgrensa

SVANGERSKAPSAVBROT: Kvinner og menn under 30 år vil endre abortlova: Dei vil utvide abortgrensa. Folket samla seier nei.

Abortloven er mellom dei minst reviderte lovene og har stått nesten urørt sidan 1978. No vonar helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) å sende Stortinget eit forslag til revidert lov før stortingsvalet i 2025.

I ei måling Norstat har gjort for Vårt Land får Støre-regjeringa - og i neste omgang Stortinget – ei klar melding frå kvinner og menn under 30 år:

Utvid abortgrensa.

46 prosent i denne aldersgruppa ønskjer å liberalisere dagens grense på 12 veker – 38 prosent vil ha dagens, tre prosent vil senke og 13 prosent veit ikkje.

– Dette er eit tydeleg svar, og det kjem frå dei det gjeld aller mest. Det er i denne aldersgruppa mange kvinner må til nemnd for å få abort, seier Astrid Hoem, leiar i AUF, til Vårt Land.

Slår ring rund 12 veker

AUF-leiar Hoem er ikkje overraska over at folkefleirtalet vil bevare dagens abortgrense.

– Det har sjeldan vore fleirtal for å utvide abortloven på målingar, også då ein innførte loven i si tid. Og som historia har vist oss kan det vere rett å gjere det uavhengig av målingar.

Ap-leder Jonas Gahr Støre og AUF-leder Astrid Hoem på AUFs skolevalgvake på Soria Moria tirsdag kveld. Foto: Javad M. Parsa / NTB

Jo eldre, dess større bevaringsvilje

Vårt Lands måling avdekkjer at jo eldre folk blir, dess fleire vil ha dagens grense på 12 veker:

  • 30-39 år: 49 prosent bevare.
  • 40-49 år: 64 prosent bevare.
  • 50-99 år: 72 prosent bevare.

Det er små skilnader mellom landsdelane. I alle regionar er det fleirtal for å ikkje røre dagens grense. Viljen til utviding er størst i Nord-Norge og i Oslo. Her ønskjer ein av tre å mjuke opp abortloven.

Dette er eit tydeleg svar, og det kjem frå dei det gjeld aller mest. Det er i denne aldersgruppa mange kvinner må til nemnd for å få abort

—  Astrid Hoem, leiar i AUF

Debatten starta i 2018

Den siste abortdebatten starta for alvor i 2018. Då gjekk dåverande leiar i AUF, Mani Hussaini, ut i Vårt Land og sa at han trudde Arbeidarpartiet snart ville støtte AUFs forslag: Fjern abortnemndene og utvid grensa til 18 veker.

I tida som kom følgde leiarane i dei andre ungdomspartia opp.

Då programarbeidet kulminerte med landsmøtevedtak i fjor vår, viste dei at dei raudgrøne partia er svært usamde. Ap og SV vil ha vekk abortnemndene og utvide grensa for sjølvbestemt abort til høvesvis 18 og 22 veker. Sp vil verne dagens grense på 12 veker.

Tema i valkampen i 2025

I Hurdalsplattforma blei Ap og Sp samde om å setje ned eit utval som skal gå gjennom abortlova og komme med forslag til endringar. Utvalet blei sett ned av helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) i juni – og skal levere rapporten om halvanna år.

Kjerkol har sagt til Vårt Land at ho tek sikte på å leggje eit lovforslag fram for Stortinget før valet i 2025, altså i høveleg tid til valkampen om tre år.

Dermed blir det neste storting som skal avgjere kva abortlov Norge skal ha, og ikkje dagens folkevalde.

AUF-leiar Hoem meiner abortloven vil bli eit viktig tema i valkampen i ´25.

– Då kan veljarane få vete kva partia verkeleg meiner om abort før dei røystar.

01.06.22 Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap), helsepolitisk talsperson Hans Inge Myrvold (Sp) og helsepolitisk talsperson Cecilie Terese Myrseth (Ap)

Treng meir kunnskap

Også stiftinga Amathea ønskjer abortutvalet til regjeringa velkommen. Amathea er ei nasjonal, gratis helseteneste som tilbyr vegleiing og oppfølging av kvinner, menn og par «med ambivalens i et svangerskap, og samtaler etter abort».

– Me veit for lite om kva behov kvinner har i samband med abort, og kva oppfølging dei treng, seier Andrea Skaarer Kreutz, direktør i Amathea, til Vårt Land.

Utan å ta stilling til spørsmålet om utviding eller bevaring av dagens abortgrense, seier Skaarer Kreutz at kvinner treng ei god helseteneste og god oppfølging, uansett val – bere fram barnet eller ta abort.’'’

Me veit for lite om kva behov kvinner har i samband med abort, og kva oppfølging dei treng

—  Andrea Skaarer Kreutz, direktør i rådgjevingstenesta Amathea

Færre tek abort i Norge

Utviklinga i Norge går ein veg: Færre tek abort. I 2020 blei det sendt inn 12.150 krav om svangerskapsavbrot. 11.081 abortar blei utført, melder Folkehelseinstituttet (FHI).

I 2012 var talet 15.229 – eller ein nedgang på heile 30 prosent på åtte år. Aborttala går sterkast ned i aldersgruppa 20-24 år.

Dei fleste abortane i Norge blir utført før veke ni. Og over 90 prosent blir gjennomført med bruk av medikament.

Nokre få får endeleg avslag

Etter veke 12 må gravide søkje ei nemnd om dei ønskjer abort. I 2020 behandla landets primærnemnder 578 saker. 514 blei innvilga, 40 fekk avslag. Til sist blei det utført abort i 498 saker.

35 saker gjekk til klagenemnd. 12 blei innvilga, 17 enda med avslag. I 2020 blei det totalt utført ti seinabortar etter runden i klagenemnda.

---

Abortloven

  • Stortinget vedtok abortloven 30. mai 1978.
  • Lovfestar sjølvbestemt abort til 12. svangerskapsveke. Etter veke 12 kan ei nemnd innvilge abort dersom det er fare for helsa til kvinna, kvinna er i ein vanskeleg livssituasjon, det er fare for sjukdom hjå fosteret eller graviditeten er eit resultat av valdtekt eller incest.
  • KrF fekk i 2019 gjennomslag for at kvinner som er gravide med fleirlingar, og som ønskjer å fjerne nokre av fostra, må få saka behandla i nemnd.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter