Kommunikasjonssjef: – Ei eksistensiell forhandling for SAS
Meklinga mellom SAS-pilotane og leiinga er heilt avgjerande for heile framtida til selskapet, seier kommunikasjonssjef Karin Nyman i SAS.

– Dette er ikkje ei vanleg forhandling, det er ei eksistensiell forhandling for SAS, seier Nyman i eit intervju med det svenske nyheitsbyrået TT i 14.30-tida måndag.
Streiken til SAS-pilotane går føre seg måndag på 15. døgnet, og partane har vore i Stockholm for å forhandle sidan onsdag førre veke. Måndag morgon understreka begge partar at det hastar å bli samde. Dette gjentek kommunikasjonssjefen:
– No må vi ha ein avtale. Dette må ta slutt, seier ho.
– Men viss det er slik, kvifor kan de ikkje berre gå med på kravet til pilotane?
– Det er lett. Vi må få inn ekstern kapital. Vi må ha ein avtale som er «investeringsbar», seier ho.
Kommunikasjonssjefen vil ikkje stadfeste om dei både forhandlar med pilotane og investorar samtidig. Ho vil heller ikkje seie kva selskapet gjer dersom dei ikkje får til ein slik avtale.
– No er fokuset vårt å semjast om ein avtale. Eg må stoppe der, eg kan ikkje kommentere meir, seier Nyman.
Då meklinga måndag starta, gjorde forhandlingsleiar Marianne Hernæs i SAS det klart at ein snart er «ved vegs ende».
– Det er ein svært, svært alvorleg situasjon. Vi har vore i mekling i tre–fire veker og i konflikt i over to veker. Vi byrjar å nærme oss eit tidspunkt der eg som forhandlingsleiar må innsjå at no kjem vi ikkje lenger, sa ho.
(©NPK)