Til siste dråpe

SPILT MJØLK: På 30 år har bøndenes selskap Tine lagt ned tre av fire meieri. Snart står næraste meieriet til vossabonde Lars Selheim for tur.

– Eg må nesten overtala kyrne til å koma inn for å bli mjølka.

I fjøsen til Lars Selheim rusler kyrne fritt rundt. Dei bestemmer sjølve om dei vil vera ute i den morgonfriske lufta, eller koma inn i fjøsen. Inne ventar litt gras til frukost og ein tur innom mjølkeroboten.

– Kyr som får gå både ute og inne, gjev mindre mjølk. Men det er mykje kjekkare for dei. Det er betre for dyra og for bonden, seier Lars Selheim.

Heilt sidan 1300-talet har det vore drift på garden i Raundalen på Voss. På 1990-talet førte Lars Selheim tradisjonen vidare då han overtok saman med kona Hilde Lussand Selheim.

Kortreist slakt og mjølk

Solstrålane har enno ikkje nådd gardsplassen som tronar på eit platå. Nedanfor fossar og buktar Raundalselva seg nedover mot Voss sentrum.

På garden herskar postkort-idyll. Nokre grisar og kyr er sendt til støls for å gjera seg feite.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Alle dyra blir slakta på garden. Dermed slepp dei å stå over 3 timar i slaktebil til det næraste slakteriet i Rogaland.

– Det følast betre å kunna slakta dyra her framfor å leia dei inn på ein trailer som køyrer dei vekk. Dette er jo dyr ein har kjend heile livet, fortel Lars Selheim.

Enn så lenge er også mjølka på garden kortreist. Mjølka går i tankbilen som fraktar mjølka dei knappe ti kilometrane til det lokale meieriet på Voss.

Bønder legg ned i distrikta

Gardsdrifta til bondeekteparet på Voss er tufta på små avstandar.

Slik er det ikkje overalt. Dei siste 20-30 åra har både meieri og slakteri blitt slått saman og sentralisert.

Og ofte er det bøndene sjølve som står for nedleggingane:

  • I 2001 hadde bondeeigde Nortura 41 slakteri for ku og gris. Sidan har talet blitt kutta kraftig, og er no nede i 17 slakteri. No har selskapet ein plan om å samla all foredling i Sør-Noreg på fire anlegg.
  • Tine har lagt ned nesten tre av fire meieri i løpet av dei siste 30 åra. I 1992 hadde samvirket 110 meieri. No er talet 30.
Tine legger ned meieriet i Voss.

Både Tine og Nortura er samvirke. Det betyr at selskapa er eigde og drifta av bønder, og at dei skal sikra bøndenes økonomiske interesser.

Det at samvirka er bondeeigde, hindrar dei ikkje å legga ned arbeidsplassar i distrikta.

No er det Voss som står for tur. Rett før ferien kom beskjeden frå eit styremøte i Oslo om at meieriet på Voss skal leggast ned. 30 Tine-meieri blir til 29.

– Mykje større avstand mellom oss og leiinga

Lars Selheim er ein av rundt 9.100 Tine-bønder. Han seier han blir provosert av nedlegginga.

– Eg fryktar at dette vil gå ut over omdømmet til Tine. Me bønder argumenterer ofte med at me sikrar beredskap og held oppe distrikt og kulturlandskap. Så bryt Tine på alle desse punkta ved å legga ned meieri i distrikta. Tine bør visa meir samfunnsansvar.

Sjølv har han sett sentraliseringa på nært hald. Som 23-åring mista han far sin. Mora dreiv garden vidare åleine, og engasjerte seg i styret i Tine.

– Først sat ho i styret gjennom det som heitte Vestlandsmeieriet. Seinare er det blitt til Tine Vest, og no heiter det berre Tine Noreg. Det går ut over medlemsdemokratiet når alt skjer frå Oslo.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Han seier han kjenner seg mindre igjen i Tine-samvirket.

– Det er mykje større avstand mellom oss og leiinga.

Mistru mot grøn blåruss

Som Tine-bonde eig Lars Selheim ein liten bit av samvirket. Tine-bøndene er del av lokale produsentlag som vel styremedlemmer til Tine.

– Då bør vel de som bønder kunna hindra at meieri blir lagt ned i distrikta?

– Det sit ein blytung administrasjon i Tine med masse flinke siviløkonomar. Då skal det ekstraordinære folk til, som kan snakka ned tala deira.

Ordet «siviløkonom» går igjen når Selheim snakkar om Tine. Han meiner dei har fått for stor makt i samvirket.

– Ta sjukefråværet på meieriet på Voss som eksempel. Det er rundt to prosent på Voss, og mykje høgare på andre Tine-meieri. Det er altfor avansert å rekna på for ein siviløkonom. Økonomen tek fram marknadskrysset sitt og seier «dette er ikkje noko lura på, her må me legga ned».

Kyrne overdøyver nesten Selheim medan han snakkar engasjert. Han ser bort på kona Hilde Lussand Selheim, som er med i lokalpolitikken for Senterpartiet.

Ho nikkar og seier:

– Det er trist at Tine ikkje ser større på det. Alt skal bli større og færre.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Ho trur at mange bønder blir lokka av at ei nedlegging kan gje større overskot for Tine. Dette kjem bøndene til gode i høgare mjølkepris.

– Bønder rundt om i landet har ulike interesser, og det er kanskje lite solidaritet mellom bøndene. Bøndenes ønske om betre økonomi trumfar det lokale meieriet.

Tine-sjef Gunnar Hovland er førelagt kritikken frå ekteparet. Han svarar utfyllande nederst i denne saka.

Eit levande Noreg

Frå garden i Raundalen tek det berre 10 minutt med bil ned til meieriet på Voss. Det kvite lageraktige bygget har den passande adressa Meierivegen.

Utanfor står lastebilane parkert, pryda med kvilande kyr som skodar utover majestetisk vestlandsnatur.

Inn døra og opp trappa openberrar det seg ein tilsynelatande heimekoseleg vegg. Store og små bilete i rammer med ulike fargar, litt tilfeldig plassert. Teksten «Sammen skaper vi et levende Norge» lyser opp i matt gull.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Klubbleiar Tor Otto Ullestad peiker på dei duse bileta av hjarte i kaffiskum, ein müslitallerken og utsikt over det som ser ut til å vera Ålesund.

– Denne bildeveggen vart sendt ut frå Tine sentralt. Eg trur det er slike standardbilde og visjonar som heng på alle meieri.

Kokar mjølk i timevis

Sidan oppstarten på 1950-talet har det blitt laga alt frå brunost til flaskemjølk, gammalost og graut på meieriet på Voss.

Røyr i taket fører mjølka inn til store kjeleforma ystekar som kan laga 1.300 kilo ost om gongen. Inst i meieriet står to gryter som tidlegare vart brukt til å laga brunost. Her står mjølk timevis i koking for å laga den lokale spesialiteten Vossadravle.

– Dravle er innkokt mjølk med karamellisert smak. Den er spesielt populær blant eldre på Voss. Sjølv om den brune massen ikkje ser så apetitteleg ut, smakar dravlen svært godt, fortel Tor Otto Ullestad.

I dag produserer Voss meieri 2.500 tonn med Norvegiaost og 45 tonn med Vossadravle i året. Frå nyttår av er det slutt.

Samstundes jobbar dei tilsette på spreng med å finna andre løysingar for meieriet, og er i kontakt med lokale eldsjeler.

– Me har ikkje fått noko konkret på bordet. Men det er komme mange idear og innspel, seier Ullestad.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Ferie med bismak

– No tek eg ferie. Eg skal tenka meir over dette til hausten.

Vidar Seim ser utover det halvmørke pauserommet. I 35 år har han jobba i matvareindustrien på Voss. Han har vore innom tre slakteri, eit bakeri og eit meieri.

Overalt ser eg reklame for kortreist mat. Men du må nesten bu i Oslo for å få tak i det.

—  Vidar Seim, meieritilsett på Voss

Dei fem arbeidsplassane hans har ein ting til felles: Dei er blitt lagt ned.

Voss er ei stor jordbruksbygd, på det meste har det vore to meieri og fire slakteri i området. No er det snart ingen igjen.

Vidar Seim sukkar:

– Overalt ser eg reklame for kortreist mat. Men du må nesten bu i Oslo for å få tak i det.

Vidar Seim er blank i augo. 55-åringen fortel han har hatt feber og hovudverk sidan han fekk beskjeden om nedlegginga for ei veka sidan. Han seier han er skuffa.

– Om me gjekk millionar i minus og laga bos, hadde det vore helt greitt. Då burde me leggast ned. Men me gjer alt godt. Me har inntekter som betalar utgiftene.

Kan gje 1.000 fleire vogntog på vegen

Nedlegginga vart vedteke på eit styremøte i Oslo onsdag 22. juni. To dagar seinare møttest dei tilsette på Voss til sommaravslutning med middag og bowling.

– Då sat me og mimra og fann me ut at me har over 500 år med meierikompetanse. Det er mange som har vore her lenge, fortel Tor Otto Ullestad.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Når Vårt Land kjem til Voss, er det gått ei veke sidan dei 23 tilsette hadde fått beskjeden. Den kom ikkje som eit sjokk.

– Eg vart klubbleiar i 2006. Sidan den gong har me hatt fem store utgreiingar med forslag om å legga oss ned, seier Ullestad.

Han fortel at denne gongen hadde dei tilsette eit håp. Han fortel at Tine-leiinga har nedjustert anslaget på kor mykje det er å spara på nedlegginga. Tine anslår ei årleg innsparing på rundt sju millionar kroner.

Bøndenes ønske om betre økonomi trumfar det lokale meieriet.

—  Hilde Lussand Selheim, bonde og lokal Sp-politikar

Dei tilsette meiner talet er for lågt tal til å rettferdiggjera ei nedlegging. Dei meiner også anslaget er svært usikkert, og peiker på at transportkostnadane er gått kraftig opp den siste tida.

Ei utrekning frå dei tilsette viser at ei nedlegging av meieriet vil gje 1.000 fleire vogntog på vegane. Vogntoga vil måtta frakta mjølka i vossaområdet til meieri i Bergen, Byrkjelo og Jæren.

Tine-sjef Gunnar Hovland seier til Vårt Land at klimaavtrykket vil «i det kortet bildet auka litt», men er ikkje einig i reknestykket om at det blir 1.000 fleire vogntog på vegane. Han kjem ikkje med eit anslag, og seier reknestykket har «nyansar på kort og langt sikt».

Han peiker på at Tine skal utvida flåten sin med tunge vogntog. 15 fleire 60 tonns vogntog skal gjera at ein treng færre slike køyretøy til transport. I tillegg viser han til at Tine samarbeider om eit biogass-anlegg på Jæren som på sikt kan gjera at lastebilane vil gå på klimavenleg drivstoff.

Flørtar med Kina

Samstundes som Tine legg ned meieriet på Voss, satsar konsernet stort i utlandet.

Samvirkegiganten eksporterer brunost til Sør-Korea, og har ifølge Dagbladet meldt interesse for å selja norsk mjølk til Kina.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Tine har dotterselskap i USA, England og Danmark, i tillegg til eit heileigd meieri på landsbygda i Irland. Meieriet produserer Jarlsberg på irsk mjølk.

Det provoserer Vidar Seim, som har jobba på meieriet på Voss i rundt 15 år.

– Eg blir sint berre eg høyrer ordet Irland. Jarlsberg skal vera ein norsk ost laga på norsk mjølk. Skal me liksom støtta norske bønder og så flaggar dei ut produksjonen?

Manglar konkurrentar

Etter timar med morgonstell kan Lars Selheim og Hilde Lussand Selheim endeleg stiga ut av kjeledress og fjøsstøvlar. Inne på kjøkkenet ventar nybaka brød og ein litt hyperaktiv hund.

Dei to møttest på ein bar på Voss. Ho var 19 år, han 24.

– Målet var absolutt ikkje å finna ein odelsgut, seier Hilde Lussand Selheim og smiler.

I nesten 30 år har dei drive garden på Voss saman. Sjølv jobba ho lenge som veterinær, ein jobb som vart stadig vanskelegare.

Dei lokale slakteria vart lagt ned, ein etter ein. Ho fekk vondt av dyra.

Tine legger ned meieriet i Voss.

– Me starta gardsslakteri i frustrasjon over den lange reisevegen dyra fekk, fortel ho.

I året slaktar dei rundt 40 tonn kjøt på garden. Det er småtteri i høve til vanlege slakteri, men det sikrar dyra ein kort reiseveg over gardsplassen og mindre stress før dei blir avliva.

Bondeekteparet har ikkje same valfridom med mjølka. Tine har mottaksplikt, medan konkurrenten Q-Meieriene ikkje hentar mjølk i vossaområdet.

– Hadde det vore ein aktuell konkurrent i området, så hadde me vurdert å levera til den. Me hadde kanskje droppa Tine, seier Lars Selheim.

---

Samvirke-modellen

  • Samvirke blir eigd og styrt av dei som bruker verksemda. Det hindrar at overskotet går til utanforståande kapitaleigarar.
  • I Landbruks-Noreg er det mange samvirke. Dei største er Nortura, Tine og Felleskjøpet.
  • Nortura blei danna i 2006 då Gilde Norsk Kjøtt og Prior Norge slo seg saman.
  • Tine har røter tilbake til 1856, medan Tine-namnet vart introdusert i 1992.

Kjelde: Store norske leksikon og Landkreditt

---

Tine-sjefen: – Me skulle så gjerne ha behalde meieriet på Voss

STANS: Meieriet på Voss gjekk ikkje i minus, fortel Tine-sjef Gunnar Hovland. Han forklarer nedlegging med målet om mest mogeleg pengar til bøndene.

– Me skulle så gjerne ha behalde meieriet på Voss. Men det er dessverre det som må til for at me skal klara å skapa best mogleg resultat til eigarane, dei norske mjølkeprodusentane.

Det seier konsernsjef i Tine, Gunnar Hovland, til Vårt Land.

Før ferien vedtok styret i Tine å legga ned meieriet på Voss. Hovland forklarar nedlegginga med ønsket om å effektivisera og sikra bøndene betre økonomi.

– Gjekk meieriet på Voss i minus?

– Nei. Meieriet har drive veldig godt – all ære til dei tilsette. Problemet er at me har for dårleg utnytting av kapasiteten på anlegga våre.

Går meir i pluss av å legga ned

Hovland viser til at importen av ost aukar. I 2021 importerte Noreg 17.387 tonn ost, ei auke på 10 prosent frå pandemiåret før.

5

Tine har i dag har sju ysteri for kvitost. Sjølv om Tine legg ned på Voss, har dei tilstrekkeleg kapasitet på resten av anlegga, fortel Tine-sjefen.

– Me klarer ikkje produsera ost på ein effektiv måte med aukande overkapasitet på anlegga våre. Me har for dårleg utnytting av kapasiteten. Me kan ikkje be dei tilsette på meieria jobba fem timar dagen for å få det til å gå opp.

– Så meieriet på Voss gjekk ikkje i minus, men Tine går meir i pluss av å legga ned?

– Riktig.

– Dette skadar omdømmet til Tine på Voss

Nedlegginga har blitt møtt med kritikk. Tine-bonde på Voss, Lars Selheim, fryktar nedlegging går ut over omdømmet til Tine og etterlyser meir samfunnsansvar.

– Fryktar du det same?

– Dette skadar omdømmet til Tine på Voss. Det veit me frå liknande saker, seier Hovland.

Han peiker på at Tine har vore gjennom mange slike prosessar, og at det på det meste var 700 meieri i Noreg.

– Samfunnsansvaret vårt er å sikra hardtarbeidande mjølkebønder ein så god økonomi at neste generasjon vil ta over. Om alle skulle behalde sitt lokale meieri, hadde ikkje økonomien vore like god, seier Hovland.

Noreg har 5,3 millionar innbyggarar. Slik sett er Noreg ein bydel i London.

—  Tine-sjef Gunnar Hovland

Vossa-bonden Lars Selheim seier han opplever mykje større avstand til leiinga i Tine.

Det seier Gunnar Hovland «ikkje er hyggeleg å høyre».

– Sidan eg starta som konsernsjef, har me byrja med nesten månadlege møte med dei rundt 150 produsentlaga rundt om i landet, etter kvart styremøte. Me prøver å kutta ned avstanden mellom leiinga og dei lokale laga.

Peiker på «brutale» maskiner

På 30 år har Tine lagt ned nesten tre av fire meieri. I 1992 hadde samvirket 110 meieri. Etter nedlegginga på Voss blir talet 29.

– Kvifor skjer dette?

– Noreg har 5,3 millionar innbyggarar. Slik sett er Noreg ein bydel i London. Ta ei yoghurtmaskin eller ei tappemaskin for mjølk som eksempel. Kapasiteten på desse maskinene er brutal: Du kan i praksis forsyna heile Noreg med ei maskin, seier Hovland og legg til:

– På 1950-talet tappa dei mjølk på flasker og transporterte i spann. Så kom kjøletankar, kartongane og meir effektive maskiner. Teknologien driv oss i retning av større einingar med større maskiner, seier Hovland.

Nærmar seg smertegrensa

I 2003 sa Jostein Frøyland, dåverande styreleiar i Tine, at 40 meieri er smertegrensa for Tine. Færre enn dette, så vil meieridekninga koma i konflikt med bøndenes interesser. Dette sa han til Stavanger Aftenblad.

Etter nedlegginga på Voss står berre 29 meieri igjen.

Vårt Land spør Tine-sjef Gunnar Hovland kva smertegrensa er i dag.

– Det er vanskeleg å seia. Me såg det då me vurderte strukturen vår i Finnmark. Der har me to små meieri med vanskeleg økonomi. Samstundes er avstandane store og det finst vegstrekningar i Finnmark som er stengde 60 dagar i året. Derfor kunne me ikkje legga ned meieria av omsyn til både kundar og produsentar.

– Begynner Tine å nærma seg smertegrensa for nedlegging av meieri?

– Det trur eg. Me må effektivisera kontinuerleg for å vera konkurransedyktig, men det begynner å nærma seg eit kritisk nivå, det handlar både om avstandar og klimaavtrykk.


Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Nyheter