Halvparten støttar kutt i elbilfordelar for dyrare bilar

ELBIL: Fem av ti meiner staten bør redusere fordelane for elbilar som kostar over 500 000 kroner. Det viser ei meiningsmåling gjennomført på oppdrag frå Fagforbundet.

ELBIL: Forslag om å kutte i elbilfordelane har kome frå fleire hald dei siste åra, men møter også motstand fleire stader.
Publisert Sist oppdatert

Meiningsmålinga er gjennomført av Sentio. Dei har intervjua rett over 1.000 personar over 15 år i Noreg i løpet av to veker i juni i 2022.

Respondentane vart bedne om å ta stilling til følgjande påstand: «Staten bør redusere subsidiene for elbiler over 500.000 kroner».

Av dei spurde svarar 49 prosent at dei er heilt, eller litt samd i påstanden. 17 prosent svarer at dei er svært usamd.

Det finst fleire elbilfordelar, mellom anna fritak for moms og avgift ved kjøp, billigare årsavgift, gratis eller billigare parkering og tilgang til å køyre i kollektivfeltet. Det er ikkje presisert i påstanden frå Sentio kva for nokre av desse fordelane som bør reduserast.

På spørsmål frå NTB svarer Fagforbundet at dei tolkar det som at påstanden gjeld momsfritak.

Elbilavgifta skal endrast

– Vi i Fagforbundet er glad for at Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har vedteke at elbilavgifta skal endrast, slik at momsfritaket berre gjeld opp til 500.000 kroner. Denne målinga viser at regjeringa har støtte i folket for å auke avgiftene på dyre elbilar, seier leiar Mette Nord i Fagforbundet til NTB.

Regjeringa og SV vart i revidert statsbudsjett samde om at det framleis skal vere momsfritak for elbilar, men berre for bilar som kostar under 500 000 kroner. Dersom du kjøper ein elbil som kostar meir enn det, må du framleis betale moms på alt over ein halv million.

Momsfritaket blir låst fram til 2025.

– Det er ikkje rett at staten skal bruke milliardbeløp på å subsidiere dei som har råd til dei aller dyraste bilane. Dersom vi skal lykkast med det grøne skiftet, må viktige klimatiltak vere rettferdige. Det gjeld også elbilpolitikken, seier Nord.

Framleis fordeler

Forslag om å kutte i elbilfordelane har komme frå fleire hald dei siste åra. Statens vegvesen meiner mellom anna at sidan det er så mange elbilar no, må fleire av fordelane reduserast for å få folk til å heller velje kollektivtransport.

I første omgang ønskjer Vegvesenet auka takstar i bomringen, noko som allereie er innført i Oslo – sjølv om det framleis skal det vere langt rimelegare å velje elbil framfor diesel- og bensinbil. Det same kan skje i fleire andre byar.

Norsk Elbilforening kallar det på si side utspel om å kutte i fordelane som ei krigserklæring mot elbilsatsinga.

Dei får støtte av mellom anna MDG og Venstre, som begge understrekar at sjølv om elbilen kostar over 500.000 kroner, så er det ikkje berre rikfolk som kjøper han.

Noreg har sett som mål at heile nybilsalet skal vere utsleppsfrie bilar i 2025. I første halvår i 2022 var 79,1 prosent av nybilane utsleppsfrie.