Statsforvaltar: Pilotstreiken gir svært alvorleg situasjon for helsetilbodet i nord
STREIK: Pilotstreiken skaper trøbbel for helsetilbodet i Nord-Noreg, og det er mangel på realistiske transportalternativ av pasientar, meiner statsforvaltaren i Troms og Finnmark.
Måndag vart Statens helsetilsyn informert om situasjonen rundt helsetilbodet i Nord-Noreg, som er særleg ramma av pilotstreiken i SAS. Til stades var spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i nord, Helse nord, og statsforvaltarane i Nordland og Troms og Finnmark.
– Vi tok initiativ til møtet for å forsikre oss om at helsetilsynet får all den informasjonen dei treng i dialogen sin med helsestyresmaktene. Det fekk vi inntrykk av at dei no har fått, seier statsforvaltar Elisabeth Vik Aspaker i Troms og Finnmark i ei pressemelding.
Statsforvaltarane i Troms og Finnmark og Nordland ser alvorleg på situasjonen. Dei meiner mellom anna at dei, slik situasjonen er no, ikkje har realistiske alternative transportmoglegheiter av pasientar og kritisk helsepersonell i nord.
Helsetenestene har vore under eit betydeleg press over lang tid, og situasjonen er svært krevjande.
– Vi opplever og ser at både spesialist- og kommunehelsetenesta er opptekne av å finne løysingar som best mogleg varetek pasientane i ein svært krevjande situasjon, seier Aspaker.