SV reagerer på flyktningkutt
SV meiner regjeringa gir opp for lett og kuttar for tidleg i planane om å hente ukrainske flyktningar frå Moldova.

Denne veka skreiv Klassekampen at regjeringa reduserer ambisjonane kraftig og vil hente 500 flyktningar i staden for dei planlagde 2.500. Det får mellom anna SV til å reagere, skriv avisa.
– Eg reagerer på at dei skalerer ned allereie no. Når ein les tilbakemeldingane frå dei frivillige, som fortel at det er eit behov, er det vanskeleg å forstå, seier innvandringspolitisk talsperson Grete Wold i SV.
Så langt er det henta 41 flyktningar frå Moldova, og Utlendingsdirektoratet (UDI) seier interessa for ordninga har vore lågare enn venta.
– Det er kort tid sidan krigen starta. Det tek tid å få på plass eit system og få ut informasjon. Krigen er ikkje over, og det kjem til å komme fleire flyktningar som treng hjelp, til Moldova, seier Wold. Ho er bekymra for kva lags signal dette sender om Noreg som eit ansvarleg land.
Venstre meiner Noreg har kapasitet til å hente fleire flyktningar og bør bruke den til å avlaste Polen, dersom det er lita interesse i Moldova.
– Ifølgje polske styresmakter kjem det dagleg 3.000 fleire flyktningar enn det er flyktningar som reiser vidare ut. Mange ønskjer å komme til Noreg, seier Venstres stortingsrepresentant Ingvild W. Thorsvik.
(©NPK)