Nyheter

Landsbyar redda frå gruveselskap

JUBEL: I seks år har landsbyen til Marita Dresen stått på kolselskapets dødsliste. No har politikarane stoppa flytteplanane.

— Eg har budd her heile livet, og det er her eg føler meg heime.

Det seier Marita Dresen på telefon til Vårt Land. Heile livet har ho budd på ein bondegard i den vesle landsbyen Kockum i Vest-Tyskland. Garden husar born, ektemann, foreldre, høns og hestar.

Ved å bli buande har ho og familien blitt til klimaaktivistar.

Landsbyen ligg nær dagbrotet Garzweiler, der det blir henta ut store mengder av klimaskadeleg brunkol.

For å gjera plass til ytterlegare kolutvinning, starta selskapet RWE i 2016 flyttinga av fem små landsbyar, inkludert Kockum.

Prosjektet har møtt motstand, og fleire landsbybuarar har nekta å flytta. Mellom dei er Maria Dresen og familien.

d

No slepp dei å flytta. Den nye delstatsregjeringa set foten ned for flytteplanane.

— Eg er glad, men ikkje overraska. Eg hadde håp om at me kunne få bli, seier Marita Dresen.

«Bør vera det siste kapittelet for brunkol»

Sist helg omtala Vårt Land korleis krigen i Ukraina påverkar energisituasjonen i Europa. Både Tyskland og Nederland opnar for meir kolkraft for å redusera avhengigheita av russisk gass.

Det stansar ikkje den nye regjeringa i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen. Nyleg inngjekk konservative CDU og Dei Grøne ein koalisjonsavtale. Den sikrar at dei fem landsbyane ikkje må vika for gruvedrift.

— Denne avgjerda bør vera det siste kapittelet for brunkolutvinning i Nordrhein-Westfalen, heiter det i avtalen gjengjeven av Rheinische Post.

Husar flyktningar

Ifølgje Spiegel har alt 12 landsbyar alt blitt flytta for å gjera plass til Garzweiler-gruva. Også i dei fem landsbyane som var på lista, har mange flytta.

Dei som flyttar, får ein kompensasjon frå selskapet. I intervju med Spiegel fortel fleire eldre at dei set pris på sjansen å flytta til eit nytt meir moderne husvære.

r

Marita Dresen fortel at det pleidde å bu rundt 500 menneske i byen Kockum. No er i underkant av 100 av desse igjen.

I tillegg husar landsbyen for tida rundt 100 flyktningar frå både inn- og utland. Byen gjev rom til folk på flukt frå krigen i Ukraina og tyskarar som mista heimen i flaumkatastrofen i fjor.

— Eg vil gjerne vera med å bygga landsbyen min opp igjen, fortel Maria Dresen.

Kraftverk slepp ut nesten halvparten av Noreg

Tyskland har dei største førekomstane av brunkol i verda. Kolet blir brent i store kraftverk som slepp ut enorme mengder CO₂.

Brunkol frå dagbrotet Garzweiler hamnar i kraftverket Neurath. Ifølgje den britiske tankesmia Embe er kraftverket det nest største utsleppspunktet for CO₂ i Europa, berre slått av eit polsk kolkraftverk.

y

I 2021 slepte kraftverket Neurath ut heile 22 millionar tonn CO₂. Til samanlikning var Noregs utslepp rundt 49 millionar tonn same år.

Som ein del av regjeringas utfasingsplan for kol, har delar av Neurath blitt stengt ned. Først i 2038 skal kraftverket vera heilt nedstengt.

Selskapet RWE eig både kolkraftverket og dagbrotet Garzweiler. Vårt Land har kontakta presseavdelinga til RWE, men har ikkje fått noko svar.

---

Tyskland og kol

  • Tyskland har laga ein skrittvis plan for å kutta kol innan 2038. I november i fjor kom den nye regjeringa med eit mål om at dette skal skje «ideelt» innan 2030.
  • Samstundes varslar no den tyske regjeringa at kolbruken skal opp for å kompensera for tapet av russisk gass.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter