Nyheter

Pridefeiring i Bergen på fredag etter nye råd frå politiet

Vest politidistrikt opna onsdag for pridearrangement i Bergen etter at PST nedjusterte trusselsituasjonen i Noreg. No blir planlagt pridefeiring i byen fredag.

– Vi får ikkje til noko i dag, sidan beskjeden kom litt for seint, men dei skeive organisasjonane i Bergen kjem til å gjennomføre ei solidaritetsmarkering på fredag, seier festivalsjef Joakim Adland for Regnbuedagene i Bergen til Bergensavisen.

Tid og stad for markeringa vil han komme tilbake til, men seier at han sannsynlegvis vil finne stad på Regnbueplassen i Vestre Torggaten klokka 17.

Beskjeden frå politiet kjem onsdag ettermiddag etter at det vart kjent at PST justerer ned trusselnivået i Noreg. No blir nivået senka frå fem til fire, som betyr at det er høg fare for angrep. Det er det høgaste nivået i ein normalsituasjon.

– Det gjer at vi naturlegvis også må vurdere korleis vi skal ta omsyn til aktuelle arrangement framover, seier leiar for operativ eining Gunnar Fløystad til BA.

Til BT seier Fløystad at politiet ikkje vil gå inn med ei tilråding om at det ikkje skal arrangerast pridefeiring.

Tysdag, altså dagen før, sa Fløystad at politiet avrådde tilsvarande arrangement.

– Det er ein uavklart trusselsituasjon, og det er det som er saka. Ein har ikkje fått avklart trusselbiletet og vi vil ikkje utsetje nokon for risiko, sa han til avisa då.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter