Nyheter

Belgia har returnert tanna til drepen kongolesisk leiar

Belgia har i ein seremoni i Brussel utlevert ei tann som er den einaste kjende jordiske leivninga av Kongos drepne sjølvstendehelt Patrice Lumumba.

Tanna vart overrekt Lumumbas familie I Egmont-palasset måndag.

Lumumba var den første demokratisk valde leiaren i Kongo etter at landet vart uavhengig frå belgisk styre i 1960. Han vart avsett etter få månader og deretter likvidert av separatistar og belgiske leigesoldatar i 1961, 35 år gammal.

Tanna var plassert i ein liten blå boks, og seremonien vart direkteoverført på TV. Handlinga var meint som ei symbolsk gjenoppretting av den uretten som vart gjort mot Kongo under belgisk kolonistyre og med drapet på Lumumba. USA og Belgia mislikte sterkt at han orienterte seg mot kommuniststyret i det dåverande Sovjetunionen.

Blir gravlagd i Kongo

Ei kiste med leivningane skal no flygast til Kongo, der Lumumba blir rekna som ein helt som kjempa mot den belgiske kolonimakta.

Frå 27. til 30. juni blir det halde ein tre dagars sørgjeperiode i samband med Lumumbas gravferd, som fell saman med 62-årsdagen for sjølvstendet til landet.

Liket av Lumumba vart oppløyst i syre og aldri funne, men ein av drapsmennene, ein belgisk politimann, beheldt tanna som eit trofé. I 2016 vart ho beslaglagd av belgiske styresmakter frå dottera til politimannen etter at Lumumbas familie gjekk til retten for å få tanna.

Teke imot av kongen

Lumumbas son Roland heldt fredag ein pressekonferanse i Brussel der han sa at familien no endeleg kan slutte å sørgje.

Barna til Lumumba var under besøket i Brussel også på besøk på slottet hos kong Philippe.

Han reiste tidlegare i juni til Kongo, der han uttrykte si djupaste orsaking for den brutale kolonihistoria til Belgia.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter