Tyskland og Polen vil hjelpe Ukraina med korneksport
Tyskland og Polen ønskjer å bidra med felles støtte til Ukraina for å eksportere korn, kunngjorde landbruksministeren til førstnemnde etter eit møte i Warszawa.
Tysklands landbruksminister Cem Özdemir har snakka med den polske kollegaen sin, Henryk Kowalczyk, og diskuterte torsdag korleis landa kan hjelpe til med å klarere kornsendingar. Om lag 20 millionar tonn ukrainsk korn sit fast i landet fordi Russland blokkerer hamner som Odesa, og dermed når det ikkje fram til kundar i Nord-Afrika og Asia.
– Vi er ikkje i stand til å transportere dei mengdene det dreier seg om via alternative ruter, presiserte Özdemir.
Annonse
Han legg til at det er derfor det er svært viktig at Ukraina vinn fram i krigen, slik at landet igjen kan bidra som kornprodusent på verdsmarknaden.
(©NPK)