Nyheter

Polen avsluttar gasskontrakt med Russland

Polen vil formelt seie opp gassavtalen med Russland etter at russarane har slutta å levere gass, opplyser den polske regjeringa.

Avgjerda om å seie opp avtalen frå 1993 vart teken 13. mai. Fordi det er ein bindande internasjonale avtale, må det polske utanriksdepartementet sende eit formelt varsel om oppseiing til den russiske regjeringa. Det skjer i løpet av måndagen, seier Polens klimaminister Anna Moskwa.

– Russlands aggresjon overfor Ukraina har stadfesta avgjerda til den polske regjeringa om å gjere seg uavhengig av russisk gass. Vi har alltid visst at Gazprom ikkje er ein påliteleg partnar, skriv ho på Twitter.

– Etter nesten 30 år kan vi no seie at forholdet Polen og Russland har hatt på gassområdet, har slutta å eksistere, seier statssekretær Piotr Naimski.

Det statlege russiske gasselskapet Gazprom stansa leveransane til Polen i april. 12. mai slutta dei også levere gass til tredjeland via Polen. Når avtalen blir sagd opp påverkar det også gass i transitt til Tyskland gjennom røyrleidningen Yamal. Likevel har gassen den siste tida berre strøymd den andre vegen, frå Tyskland til Polen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter