Nyheter

Norge seier berre ja til kjernefamilien

AFGHANISTAN: Afghanarar som arbeide for Forsvaret skal om kort tid få høve til å søkje om opphald i Norge. Dei som slepp gjennom nålauga får høve til å ta med éi kone og barn.

Ni månadar etter at Norge i hui og hast evakuerte Afghanistan, er regjeringa klar med ei spesialordning for afghanarar som har arbeidd for Norge, i Afghanistan. Det er særleg snakk om vedlikehaldsarbeidarar, reinhaldarar, tolkar og andre sivile som har hatt lønna oppdrag ved Forsvarets basar.

«Justis- og beredskapsdepartementet vil nå snarlig sende instruksen til Utlendingsdirektoratet om behandlingen av disse sakene og det vil bli orientert om ordningen på aktuelle nettsider», opplyser justisminister Emilie Mehl (Ap) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Regjeringa har etablert ei søknadsordning. Eks-tilsette afghanarar får høve til å søkje asyl i Norge, og dei kan gjere det frå Afghanistan der dei oppheld seg. Vårt Land har vore i kontakt med ein av desse sidan i fjor sommar.

Så skal UDI vurdere om afghanarane kan få opphald i Norge; at dei har behov for vern.

Stiller to krav

Ordninga som er spesiallaga av tre departement – forsvar, justis og utanriks – har to avgrensingar:

  • Søkjarane må ha vore tilsett hjå norske styresmakter, Forsvaret eller utanrikstenesta, i Afghanistan etter 31. desember 2014.
  • Dei må ikkje ha fått avslag på tidlegare søknadar i 2015.

Justisminister Mehl opplyser også at det blir sett ei talgrense for dei som blir innvilga opphald i Norge: «én ektefelle og barn.»

burka

Blir kvoteflyktningar

Regjeringa seier nei til storfamilien: «Dette er familiekretsen som normalt gjelder i kvotesaker og saker for familiegjenforening. Utlendingsloven åpner normalt ikke for familiegjenforening for andre enn den aller nærmeste familien», presiserer Mehl.

For: Om Norge skulle ha opna for storfamiliar som ikkje har eit avklart behov for vern, ville det fortrengje flyktningar med slike behov.

Norge tek årleg i mot 3.000 kvoteflyktningar via FN. Afghanarane som får vern gjennom søknadsordninga kjem til Norge på denne kvoten.

Mehl minner om «afghanske tolker som har kommet til Norge siden 2012 har fått ta med seg kjernefamilien». Difor får afghanske tolkar som er i Norge allereie nei til å hente storfamilien hit.

Utlendingsloven åpner normalt ikke for familiegjenforening for andre enn den aller nærmeste familien

—  Emilie Mehl (Sp), justisminister

Striden starta i fjor

Striden om Forsvarets eks-tilsette afghanarar byrja for eit år sidan. 15. april i fjor tok Nato ei historisk avgjerd om å trekkje styrkane ut av Afghanistan etter 20 år. I juni kom dei siste norske soldatane heim.

Ei veke før spesialsoldatane landa i Norge, kom eit fly med hjelparane deira. Om bord var fire afghanske tolkar og to reinhaldarar, med familiar. Totalt 47 personar.

Med dei 47 hadde Forsvaret totalt henta ut 91 tidlegare tilsette og 271 familiemedlemmer, som alle blei kvoteflyktningar.

I juli publiserte Forsvarets forum eit ope brev frå 14 tidlegare tilsette: «Jeg og 13 andre har jobbet for Norge i perioden 2006 til 2014, en jobb som har satt oss i fare og gjort oss livredde for å bli tatt eller henrettet av grupper i opposisjon til den afghanske regjeringen.»

Flaug ut spesialsoldatar

Gjennom sommaren svarte Solberg-regjeringa nei til å hente ut fleire eks-tilsette enn dei som hadde fått komme til Norge. Men i august snudde Solberg-regjeringa, og opna for å vurdere sakene til eks-tilsette på nytt.

Same månad tok opprørsrørsla Taliban hovudstaden Kabul og hadde med det kontroll over heile Afghanistan. Norge og andre vestlege land organiserte på kort varsel ei luftbru ut av landet.

115 afghanske soldatar frå spesialstyrken Crisis Response Unit (CRU), som hadde norske instruktørar og rådgjevarar, blei flogne til Norge. Med familiemedlemmer talde gruppa totalt 525 personar, som alle blei kvoteflyktningar.

Søknadsordninga som no blir rulla ut, omfattar ikkje CRU-soldatar som blei att i Afghanistan.

Redde for å bli drepne

Fleire sivile eks-tilsette måtte bli att då Norge evakuerte i august. Vårt Land har ved fleire høve snakka med ein om kor farleg han opplever Taliban-regimet. Dei jaktar afghanarar som arbeidde for vestlege, militære styrkar, fortel han.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter