– Viss vi samanliknar med andre land, har Noreg allereie bidrege med betydelege beløp, seier Huitfeldt til kritikken frå Polens statsminister Mateusz Morawiecki.
– Vi har vist at vi er eit land med eit stort hjarte og stor solidaritet med det ukrainske folket, seier utanriksministeren.
Det var i helga at Morawiecki uttalte at Noreg indirekte tener på Russlands krig mot Ukraina.
– «Eit lite land med fem millionar innbyggjarar» vil få olje- og gassinntekter på over hundre milliardar euro, ifølgje Morawiecki, som oppmoda Noreg til å dele dei auka olje- og gassinntektene.
Huifeldt forsikrar om at Noreg er førebudd til å bidra meir i gjenoppbygginga av Ukraina.
– Det er klart at det landet har enorme behov no for å byggje opp bustader, skular, men også rettssystem og demokratiske institusjonar, så vi er førebudde til å delta i det, seier ho.