Nyheter

Oslosenteret får strekk for hemmeleghald

UNDERSLAG: Då Oslosenteret avdekte underslag på vel 850.000, valde leiinga å ikkje informere sponsorar og dei gjekk ikkje offentleg ut med misleghaldet.

– Å ikkje informere sponsorane om underslaget kan vitne om selektive og strategiske val, at ein frykta økonomiske konsekvensar om ein informerte dei om underslaget, seier Helge Thorbjørnsen til Vårt Land.

Han er professor ved Handelshøgskolen (NHH) og forskar mellom anna på omdømme og omdømmebygging. På generelt grunnlag seier Thorbjørnsen at det kan vere gode grunnar til å ikkje gå ut med informasjon om eit underslag i ein organisasjon.

– Det kan vere sterke personlege omsyn som ligg til grunn, at ein ønskjer å verne den ansvarlege. Men då er det noko underleg at Oslosenteret vel å informere nokre og ikkje alle som det samarbeider med, meiner NHH-professoren.

Strenge retningsliner

Sponsorane til Oslosenteret yter årleg støtte til sjølve drifta av senteret medan offentlege og private institusjonar i inn- og utland yter prosjektstøtte etter søknad.

Thorbjørnsen ser at Oslosenteret måtte informere offentlege og private institusjonar som yter prosjektstøtte.

– Men sponsorar kan ha like strenge retningsliner for misleghald som dei som yter prosjektstøtte, så det er uklokt å drive forskjellsbehandling.

I saker om misleghald meiner Thorbjørnsen at likebehandling er eit godt prinsipp.

Underslag avslørt

Dette skjedde i saka NHH-professoren kommenterer:

Hausten 2017 fekk dåverande direktør på Oslosenteret permisjon for å arbeide utanlands. Eks-statsråd Einar Steensnæs kom inn som direktørvikar.

Han avdekte at direktøren som hadde fått permisjon hadde underslått store summar frå Oslosenteret.

I politiavhøyr tilstod han underslag av 858.703 kroner frå Oslosenteret, brukt til «private formål», i perioden november 2015 til oktober 2017. Mannen døydde våren 2019, før alt var betalt tilbake. Oslosenteret måtte bokføre eit tap.

os

Informerte ikkje sponsorar

Oslosenteret informerte samarbeidspartnarar om underslaget, men ikkje sponsorar. Kvifor forklarte Einar Steensnæs i Vårt Land fredag:

– Me valde ikkje å gjere det. Politiet var i ein startfase med etterforskinga. Me ønskte også å ta omsyn til familien hans i denne vanskelege, første tida. Underslaget var heller ikkje av ein storleik som påverka gjennomføringa av prosjekta våre.

– De gjekk heller ikkje offentleg ut med underslaget, var det av omsyn til omdømmet til Oslosenteret?

– Nei. Me gjorde ikkje slike vurderingar. Me informerte dei som måtte få informasjon. Og me melde saka til politiet, sa Steensnæs.

Sverre Lodgaard, tidlegare direktør for Norsk utanrikspolitisk institutt, var styreleiar i 2017. Han fortalde Vårt Land at styret valde å ikkje gå ut med underslaget «av menneskelege omsyn».

sl

Følgde retningsliner

I eit tilsvar til professor Helge Thorbjørnsens omdømmevurdering, skriv Einar Steensnæs i ein epost til Vårt Land:

«Helt fra tidspunktet da den tidligere direktøren erkjente underslaget, la vi vekt på at alle formelle regler og prosedyrer for videre behandling av saken ble fulgt. Her fikk vi god hjelp av politiet, regnskapsfører og revisor.»

Steensnæs skriv at senteret ønskte å vise omsorg for direktøren og hans familie som var i ein vanskelig situasjon, og at dei «fant den beste måten å håndtere ulike hensyn på, ved å følge de strengt formelle og juridiske retningslinjene som gjelder i slike tilfeller».

Steensnæs melder at Oslosenteret i ettertid ikkje fekk kritiske kommentarar for handteringa.

---

Oslosenteret

  • Etablert som ei stifting i 2006 av eks-statsminister Kjell Magne Bondevik og eks-statsråd Einar Steensnæs, begge frå KrF.
  • Dei første åra var Bondevik president ved senteret, no er han arbeidande styreleiar.
  • Senteret arbeidde lenge med særleg fred og menneskerettar, no med demokratisering og demokratisk styresett.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter