Pentagon: Teikn på at Russland deporterer ukrainarar

Det er teikn som tyder på at russiske styrkar deporterer ukrainarar til leirar i Russland, seier ein talsmann for Pentagon.

Publisert Sist oppdatert

– Eg kan ikkje seie kor mange leirar, eller korleis dei ser ut, seier John Kirby.

– Men vi har indikasjonar på at ukrainarar blir sende til Russland mot sin vilje, legg han til.

Ukrainas ombodskvinne Ljudmyla Denisova hevda nyleg at 1,2 millionar ukrainarar er tvangssende til leirar i Russland, blant dei minst 200.000 barn.

Ifølgje ombodskvinna er to leirar i Rostov-regionen tømt for straffedømde for å gi plass til ukrainske krigsfangar.