SV vil ha fortgang i miljøstudiar for havvind
SV fryktar miljøstudiar kan forseinke utbygginga av vindkraft til havs. Dei ber regjeringa setje i gang undersøkingane omgåande.

Før ein kan setje ut vindturbinar, må det gjennomførast omfattande miljøstudiar av områda det skal byggjast i. SV vil starte dette arbeidet allereie til sommaren, skriv Dagens Næringsliv.
– Skal vi komme i gang med ei forsvarleg satsing på havvind, der vi tek omsyn til natur, fiske og fiskeri, må vi komme i gang med ei offentleg styrt kartlegging og forundersøkingar no. Vi veit at det hastar å få kutta utslepp av klimagassar. Då forventar vi at regjeringa kjem med pengar i revidert nasjonalbudsjett, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken.
Regjeringa kan ikkje love så rask oppstart som Haltbrekken ønskjer. Statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Olje- og energidepartementet seier dei legg opp til at aktørane som får tildelt areal skal sende inn forslag til program for konsekvensutgreiing.
Havvindselskapet Vårgrønn fryktar det kan koste dyrebar tid.
– Studiar på fisk, trekkfugl og marine pattedyr krev datainnsamling over fleire sesongar. Å vente til etter tildeling av areal vil forseinke datainnhentinga med fleire år, seier Erik Mathias Dugstad, Vårgrønns direktør for samfunnskontakt.