Nyheter

Måtte betale tilbake 16 millionar etter misleghald

BISTANDSPENGAR: Utanriksdepartementet har nulltoleranse for misleghald. Difor måtte Kirkens Nødhjelp betale tilbake 2,3 millionar kroner i fjor.

Totalt måtte norske hjelpeorganisasjonar i fjor returnere nesten 16 millionar kroner etter avdekking av misleghald, fortel rapportar frå Utanriksdepartementet (UD) som Vårt Land har gått gjennom.

To av sakene råka arbeidet til Kirkens Nødhjelp (KN) i Malawi:

«Samarbeidet med begge partnerne ble avsluttet. I tillegg er det i henhold til vår prosedyre sendt refusjonskrav til begge partnerne», skriv økonomisjef Anders Østeby i KN i ein e-post til Vårt Land.

Praktiserer nulltoleranse

Det norske bistandsbudsjettet er rekordhøgt. Nesten 42 milliardar kroner skal ut frå bistandskontoane til Utanriksdepartementet i år.

For å sikre at kvar krone blir brukt i samsvar med budsjettvedtaka i Stortinget, har Utanriksdepartementet ei avdeling som granskar saker om økonomisk misleghald: Sentral kontrolleining.

Prinsippet er enkelt: «Utenriksdepartementet har nulltoleranse for økonomiske misligheter og annet misbruk av departementets midler.»

Det betyr at alle avvik frå vilkåra og krava som er fastsette i avtalane mellom UD, Norad og organisasjonane, blir møtte med sanksjonar.

Nesten 16 millionar

Kvartalsrapportane frå Sentral kontrolleining viser at norske mottakarar av bistandspengar, organisasjonar som driv prosjekt verda rundt i samarbeid med lokale partnarar, måtte betale tilbake nesten 16 millionar kroner etter avsløringar om misleghald i fjor:

  • 13.291.358 kroner til Utanriksdepartementet og Norad.
  • 2.691.596 kroner til prosjekta.
Utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim er glad for at regjeringens bevilgninger raskt har ført til hjelp til Ukraina.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Afrikanske land toppar

Ein fersk rapport frå Norad viser at internrevisjonen til direktoratet åleine har ferdighandsama 400 saker og kravd tilbakebetaling av totalt 51,6 millionar kroner sidan han kom på plass i 2011.

Men misleghaldet er truleg mykje større, skriv Norad i rapporten: «Selv om dette kan se ut som et stort tall, er det sannsynligvis bare toppen av isfjellet siden Norad over de siste ti årene har utbetalt mer enn 36 milliarder kroner i bilateral bistand.»

68 land er representert i dei 400 sakene. Fire land toppar lista: Uganda 41 saker, og Sør-Sudan, Tanzania og Malawi 25 saker kvar.

Tjuveri og bedrageri

Falske dokument, tjuveri, utlån, bedrageri, manipulasjon av anbod, svindel. Vårt Lands gjennomgang av UDs 2021-rapportar viser at kristelege og diakonale organisasjonar blei råka av mange typar av misleghald i fjor.

Kirkens Nødhjelp måtte betale tilbake nesten 2,3 millionar kroner i sju saker. Av summen gjekk vel 1,5 millionar tilbake til prosjekta, resten til tilbake til UD og Norad.

Digni, bistandsorganisasjonen til norske misjonsorganisasjonar, måtte returnere 601.456 kroner til Norad og til prosjekta.

Strømmestiftelsen, KFUK-KFUM og Adra blei også råka av misleghald i prosjektland.

Underslag i politiet

Den absolutt største summen blei returnert frå Sør-Afrika. Her måtte politiet i landet – ved Department for International Relations og Cooperation – sende 8,5 millionar tilbake til UD, som skriv: «Underslag i prosjekter som sørafrikansk politi drev i Sør-Afrika og Sør-Sudan. Langvarig prosess for å drive inn midlene. NOK 8.542.542 er tilbakebetalt til UD.»

Minste sum blei returnert frå Malawi. Atlas-alliansen og Noregs handikapforbund måtte returnere 1.103 kroner til Norad etter at «mangelfull internkontroll og ufullstendig dokumentasjon av utgifter» blei avdekt hjå ein lokal partnar.

Svindelen ble avdekket av vår egen internkontroll på landkontoret

—  Anders Østeby, økonomisjef i Kirkens Nødhjelp

KN avdekte korrupsjon

Kirkens Nødhjelp måtte samla returnere 2,3 millionar kroner i fjor.

– Er misleghald noko KN kalkulerer inn i arbeidet, at frå tid til annan vil partnarar opptre uærleg?

«Mange av landene Kirkens Nødhjelp arbeider i er sårbare land med svake institusjoner, mye konflikt og utbredt korrupsjon. Vi jobber i risikofylte kontekster der mange av våre samarbeidsland ligger høyt på Transparency Internationals korrupsjonsindeks», skriv økonomisjef Østby og understrekar at KN har gode varslingskanalar og ei omfattande oppfølging og granskning av varsel.

– I tilfellet Malawi i 2021, 1,5 millionar tilbake til prosjekt, skuldast «udokumenterte kostnader hos lokal partner» for veike kontrollrutinar i KN?

«Vi ble i dette tilfellet møtt med svindel i ledelsen hos en partner. Svindelen ble avdekket av vår egen internkontroll på landkontoret. Dermed er svaret det motsatte: Kirkens Nødhjelps sterke internkontroll muliggjorde avdekkingen av denne korrupsjonssaken», forklarar Østby.

– I 2021 måtte også KN betale tilbake 472.906 til Norad etter forfalsking av rekneskapsdokument hjå lokal partnar i Malawi – er dette den same partnaren som var ansvarleg for udokumenterte kostnader på 1,5 millionar?

«Nei, det dreier seg om to forskjellige partnere», skriv Østby.

digni

Seier opp avtalar

Digni måtte betale tilbake vel 600.000 kroner etter fire avslutta saker i fjor, melder UD.

– Tre av fire saker blei avdekte av internkontrollen, ei sak som følgje av varsel, seier generalsekretær Hjalmar Bø. Han fortel at internkontrollen, anten hjå partnarane eller i Digni, avdekkjer flest misleghaldssaker.

Når misleghald hjå partnarar blir avdekt, gjer Kirkens Nødhjelp og Digni nytte av ulike sanksjonar: Krav om tilbakebetaling, oppseiing av involverte tilsette, opphøyr av samarbeid med partnar og politimelding.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter