Høyring i Stortinget om oljeutbyggingar kan vere i strid med Grunnlova
Regjeringa kan ha godkjent fleire oljeutbyggingar i strid med Grunnlova og menneskerettane. Det meiner Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).

Torsdag er det høyring på Stortinget der NIM skal forklare kvifor dei meiner dette, skriv VG.
NIM vart oppretta av Stortinget i 2015 og har som hovudoppgåve å fremje og verne menneskerettane i tråd med Grunnlova og folkeretten.
Tidlegare denne månaden la NIM, etter oppdrag frå Olje- og energidepartementet, fram si vurdering om korleis det såkalla klimasøksmålet i Høgsterett vinteren 2020 bør følgjast opp.
I søksmålet enda Høgsterett med å slå fast at dei føreset at staten lagar ei konsekvensutgreiing om dei globale klimaverknadene frå feltet når dei tek stilling til utbyggingsplanar frå oljeselskapa.
Dommen betyr òg at regjeringa får plikt til å nekte utvinning av olje, dersom det ikkje samsvarer med å halde global oppvarming under 1,5 grader.
Departementet er likevel usamd i at dommen betyr at tidlegare gitte løyve kan vere i strid med Grunnlova.
– Slik som vi vurderer det, så har ikkje Høgsterett sagt at vi har gjort noko ulovleg, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til VG.
I Aftenposten onsdag kravde SVs Lars Haltbrekken at regjeringa går gjennom utbyggingsplanen for Breidablikk-feltet i Nordsjøen på nytt. SV meiner at godkjenninga av planane er ulovleg sidan det ikkje vart gjort noko klimavurdering av feltet, slik som dommen i Høgsterett føreset.