Nyheter

Fotballforbundet set av millionbeløp til flyktningefond

Klubbar og krinsar i Fotball-Norge kan no søkje om støtte til mellom anna utstyr og treningsavgift for å inkludere flyktningar i fotballen.

NFF opplyser på eigne nettsider om flyktningfondet forbundsstyret har oppretta. Éin million kroner er sett av.

– Fotballen er ein inkluderingsarena, og flyktningar skal få moglegheita til å bli ein del av den store norske fotballfamilien. Gjennom fotballen kan vi vareta og bidra til å gi gode opplevingar i ei svært vanskeleg og grufull tid, skriv forbundet.

Vidare blir det opplyst om at det kan søkjast om støtte til treningsavgift, overgangsgebyr, nødvendig utstyr og trenarressursar.

Berre klubbar og krinsar som er medlem av NFF kan søkje. Maks søknadssum er 40.000 kroner.

NTB Nyheter

NTB nyheter

Mer fra: Nyheter