Nyheter

Flykta med fiolinen

KRIG I UKRAINA: Til sist var ikkje bomberegnet over Kharkiv til å halde ut. Brått blei fiolinisten flyktning. Ferda ut av Ukraina enda i Norge.

Gardermoen: Ella knepper opp loket på instrumentkassa, plukkar fram fiolin og boge, ser til at hennar kjære strykeinstrument ikkje har fått skader under flukta nordover i Europa. Han er mellom dei få tinga ho fekk med seg frå Ukrainas nest største by.

Ella snakkar lågt. Oppbrotet frå heimlandet sit i.

— Det blir nok ei stund til eg får spele i Kharkiv igjen.

Øvde på Romeo og Julie

Ho hentar fram foto og video frå mobilen. Ho spelar Vivaldis Dei fire årstidene saman med ein gitarist. Det slår gneistar av samspelet. Ho spelar saman med orkesteret ved Kharkiv statlege akademiske opera og balletteater. Ho er solisten fremst på scenen.

— Då Russland invaderte, øvde eg på operaen Romeo og Julie.

Den russiske hæren velta inn 24. februar. Dagen etter skulle Ella ha vore på scenen i operahuset i Ukrainas nest største by. Her har ho arbeidsplassen.

— Sjølvsagt blei han avlyst.

Fiolinist Ella med barna Elina og Vadim på transittmottak for ukrainske flyktninger på Gardermoen.

Gav kjærleikshelsinga vidare

Hotellet på Gardermoen er blitt akuttmottak. Utlendingsdirektoratet har leigt alle rom for å innlosjere ukrainarar som finn vegen til Norge. Norsk Folkehjelp er hyrt inn som operatør av mottaket.

I matsalen summar det på ukrainsk. Dei siste skivene blir etne og kaffikoppar tømde. Ved resepsjonen står kvinner og barn, klare til neste etappe.

På skranken står ei kjærleikshelsing. Ein ukrainske mann sende kona ein bukett raude roser då ho hadde nådd Norge. Ho svara med å gje dei vidare til dei hotelltilsette – som takk.

På reise mot busetjing

Fleire flyktningar har fått koffert til det jordiske godset dei fekk røske med seg i Ukraina, til klede dei har plukka frå donasjonane som er leverte til hotellet. Andre må nøye seg med plastberenett frå Ikea.

No ventar bussturen til nasjonalt ankomstsenter i Råde i Østfold. Dei skal formelt bli registrerte inn i Norge. Så blir det avklart; kvar i Norge skal dei reise. Først til mottak, så til ein kommune for busetjing.

Spørsmåla er mange. Kva med skuleplass, barnehageplass, norskkurs, arbeid?

Det blir nok ei stund til eg får spele i Kharkiv igjen

—  Ella, ukrainsk fiolinist

Ukjent med Norge

Ella skal ikkje reise med bussen til Råde.

Ho, dottera Elina og sonen Vadim blir henta. Dei skal til Sunndalsøra på Nordmøre.

— Me har ein familieven der. Det var difor me flykta til Norge. Han hentar oss i morgon.

Ella veit ikkje kva som ventar. Ho veit ikkje kvar kommunesenteret i Sunndal kommune ligg, berre at det er vest i Norge.

— Kva skuletilbod ventar der? Ella spør sjølv.

Ho grunnar mykje over dette, for sonen på 12 er særs musikalsk og går på ein musikkskule heime i Kharkiv. Også dottera på 19 studerer på eit akademi.

Fiolinist Ella med barna Elina og Vadim på transittmottak for ukrainske flyktninger på Gardermoen.

Mannen reiste ikkje med

Familien lever av musikken. Ella og mannen møttest på konservatoriet. Han er klarinettist i same orkester som kona.

Han måtte bli igjen då Ella og barna flykta til Norge via Polen.

— Dei første dagane etter invasjonen heldt me oss innandørs, høyrde at bombene fall over byen, såg kva øydeleggingar som følgde.

Familien søkte løynd i trygge rom, prøvde å finne roa, noko som var uråd. Krigen pressa på, så til sist tok dei avgjera. Flukt er einaste utveg. Dei måtte vekk.

— No er me i Norge. Eg er så takksam for måten me er blitt møtte på.

Musikkbyen Kharkiv

Historia til musikkteateret i Kharkiv går tilbake til 1780. I 1925 blei det statlege akademiske opera og balletteateret opna med to salar, og 1991 blei det utvida med eit moderne bygg.

Minst 53 kulturminnestader er skadde eller delvis øydelagde under den russiske invasjonen av Ukraina, opplyser Unesco, FNs kulturorganisasjon.

Kharkiv er mellom byane på Unescos liste som er hardast råka. Der er Holocaust-minnesmerket, kunstmuseet og Kharkiv statlege akademiske opera og balletteater trefte av russiske bomber.

— Eg er litt redd. Men her i Norge kjenner eg meg trygg, fortel Ella.

Fiolinist Ella med barna Elina og Vadim på transittmottak for ukrainske flyktninger på Gardermoen.

Mange på flukt

Veker med bombing har merka Kharkiv hardt. Nær 1.200 bustadblokker er øydelagde. Ordførar Ihor Terekhov listar opp store materielle skader, ifølgje det ukrainske nyhendebyrået UNIAN:

Over 50 barnehagar, nesten 70 skular og 15 sjukehus er øydelagde.

Før krigen starta i februar hadde Kharkiv kring 1,5 millionar innbyggjarar. Kring ein tredel er på flukt, melder Kyiv Independent. Anten inne i Ukraina eller i eit naboland. Eller i Norge.

Tre er på Sunndalsøra. Snart opnar Ella fiolinkassa.

---

Flyktningar

  • Ukraina har kring 43 millionar innbyggjarar.
  • FN seier vel 11 millionar menneske er på flukt etter at Russland invaderte Ukraina.
  • Over 7,1 millionar er internflyktningar, fire millionar har flykta ut av Ukraina
  • Nye tre millionar vurderer å bryte opp frå dagens bustad.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter