Nyheter

Sp-kvinnene meiner ei kvinne må vere med å handtere varsel i partiet

Senterkvinnene meiner dei etiske retningslinjene i partiet er klare nok, men vil at ei kvinne skal handtere varsel saman med generalsekretær Knut M. Olsen.

– Vi har full tillit til generalsekretæren. Han har gjort det han skal, seier leiar Wenche Skallerud i Senterkvinnene til NTB.

Kvinneorganisasjonen i Senterpartiet jobbar likevel med eit forslag til sentralstyret der det heiter at ei kvinne skal handtere varslingssaker saman med generalsekretæren.

– Det å bli møtt av ei kvinne vil vere ein styrke, seier Skallerud, som vart valt til leiar i mars.

Ho viser til at partiet no skal i gang med nominasjonar til lokalvalet neste år.

– Målet for oss i Senterkvinnene er at kvinner som vil la seg nominere, skal tore å gjere det og vite at det er trygt.

Fleire saker

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) varsla sin avgang i helga etter at ei kvinne fortalde VG at han hadde innleidd eit seksualisert forhold til henne då han var 50 år og stortingsrepresentant og ho ein skuleelev på 18.

Nyleg vart det òg kjent via NRK at tidlegare Senterparti-medlem Hilde Lengali hadde meldt frå til partileiinga om dårlege opplevingar ho hadde hatt med Enoksen. Både andre nestleiar Anne Beate Tvinnereim og generalsekretæren vart informerte, men då hadde ikkje Enoksen noko verv i partiet. Lengali leverte eit formelt varsel først for to veker sidan.

Ingen informasjon om desse sakene skal ha komme fram då Statsministerens kontor gjorde bakgrunnssjekk før Enoksen vart utnemnd til statsråd i haust. Han informerte likevel om at han hadde vore utru, men meinte det var ei privatsak, ifølgje hans svar til VG laurdag.

Åtvarar mot ryktebørs

Leiaren for Senterkvinnene seier at ho ikkje har kjennskap til rutinane i partiet for bakgrunnssjekk av statsrådskandidatar og derfor ikkje kan seie om dei bør endrast.

– Ein forventar at folk er ærlege. Ein må kanskje gå djupare inn med fleire spørsmål, seier Skallerud.

– Ein skal framleis basere seg på folks eigne svar?

– Vi kan ikkje basere oss på ein ryktebørs. Det blir heilt feil, meiner ho.

Sender ut retningslinjene

Skallerud meiner dei etiske retningslinjene som gjeld seksuell trakassering, er gode nok. Men ho meiner det er rett å ta ein runde for å bevisstgjere og vil derfor sende ut retningslinjene til fylkesstyra i kvinneorganisasjonen for at dei skal gå gjennom dei.

– Er det ikkje litt rart at det er i Senterkvinnene denne diskusjonen skal gå?

– Eg kjem til å ta opp i sentralstyret i Senterpartiet at dei etiske retningslinjene også blir tekne opp i heile partiet.

Les mer om mer disse temaene:

NTB

NTB

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter