Nyheter

Ho fortel historia til dei hemmelege krigsheltane: – Mange fekk aldri oppreising

LAURDAGSINTERVJUET: Far til Edda Espeland jobba for eit spionnettverk, som var så hemmeleg at ikkje ein gong han sjølv visste at han var del av det. No må dei hemmelege historiene frå krigen fram i lyset, meiner ho.

– Eg er vaksen opp med historier frå krigen, om Milorg og Kjakan og Max Manus. Men eg må innrømme at eg ikkje var kjend med XU.

– Det er du nok ikkje aleine om.

– Kvifor er det slik?

– Mest er det nok på grunn av teieplikta dei som var med i nettverket vart pålagt etter krigen. Og den tok dei veldig alvorleg. Det førte til mange triste skjebnar. Mange av XU-agentane melde seg inn i NS eller jobba for tyskarane på ulike måtar for å skaffe informasjon, men etter krigen kunne dei ikkje fortelje nokon ting om kvifor dei gjorde det. Denne teieplikta vart først oppheva i 1988.

Eg opplever at dette er eit hol i etterkrigshistoria. Og det er eigentleg paradoksalt, for etterretningsarbeidet dei gjorde var ufatteleg viktig.

Edda Espeland. XU Agenter.

---

Edda Espeland

  • Fødd i 1951.
  • Journalist og statsvitar.
  • Forfattar av fleire fagbøker, om blant anna kvinner på krisesenter og om fordommane som møter kvinnelege toppleiarar.
  • Tidlegare magasinredaktør for blant anna Magasinet Det Gode liv, Tara På Reise og Foreldre & barn.

---

– Kor viktig var XU for utfallet for krigen i Noreg?

– Dei visste alt som gjekk føre seg, dei kjende til alle troppeflyttingar, kva offiserar som var med og korleis dei var utrusta. Dei hadde fotografar over heile landet som tok bilde av militære installasjonar. Dei hadde folk i alle offentlege etatar.

Etter krigen viste det seg også kor viktig dette hadde vore. Noreg var det einaste landet der dei allierte ikkje tok over etterretningsarbeidet. XU fekk lov å ha kontrollen på det sjølve, fordi det fungerte så bra.

Eg opplever at dette er eit hol i etterkrigshistoria. Og det er eigentleg paradoksalt, for etterretningsarbeidet dei gjorde var ufatteleg viktig

—  Edda Espeland

– Du skriv: «Det var mennesker som ofret alt, som levde med brannbomber på nattbordet, håndgranater ved sengekanten og pistolen under hodeputen». Det høyrest veldig dramatisk ut!

– Ja, akkurat så dramatisk var det. Særleg for leiinga. Tyskarane var jo klar over at det fanst ein etterretningsorganisasjon som gjorde mykje skade for dei, og dei var på jakt etter XU heile tida. Dei klarte å rulle opp enkelte lokale operasjonar, men den sentrale organisasjonen klarte dei aldri å komme i nærleiken av.

Edda Espeland. XU Agenter.

– Du fortel at det var så hemmeleg at far din ikkje ante at det var XU han jobba for før etter krigen?

– Ja, ingen visste noko om kva slags organisasjon dei var i eller kven dei jobba for. Det var eit veldig avansert tryggleikssystem, der alt føregjekk under dekknamn.

– Ein av dei du fortel om, Anne-Sofie Østvedt, levde i dekning i Oslo nesten heile krigen. Det er ganske utruleg at det er mogleg?

– Ja visst! Og ho hadde mange slektningar i Oslo. Ho endra hårfarge og utsjånad så mykje som mogleg, og var heile tida på vakt. Ho skildrar ein gong ho kom på trikken, og plutseleg ser ho far sin. Då var det berre å komme seg av på første stopp.

Då eg skreiv om dette, så tenkte eg – dette er film!

—  Edda Espeland
Anne-Sofie Østvedt

– Vi har mange filmar om unge mannlege krigsheltar som sprengjer ting, som «Max Manus» og «Kampen om tungtvannet», men vi har ikkje sett filmar om dei modige kvinnene i XU. Er det på tide?

– Då eg skreiv om dette, så tenkte eg – dette er film! Det var unge, modige menneske som var med på dette. Berre måten dei smugla dokument på, inne i uthola skruar og fyrstikker – det var utruleg kreativt.

– Kvifor lukkast XU på ein måte som ingen andre organisasjonar i andre land gjorde?

­– Eg har ikkje noko anna svar, enn at det var fordi organisasjonen var hundre prosent sivil. Ein fann ganske raskt ut då krigen starta at ein ikkje kunne bruke offiserar og militære, fordi dei var i søkelyset til tyskarane. Dei tenkte veldig lite militært, og det trur eg var ein styrke, fordi tyskarane var meir vane med korleis militære etterretningsorganisasjonar opererte.

Edda Espeland. XU Agenter.

– Men det førte også til problem med eigne militære leiarar, fortel du.

– Ja, leiaren for XU i Oslo, Øystein Strømnæs, ville ikkje ta imot ordrar, med mindre dei var veldig godt dokumentert. I militæret er det venta at ein gjer som ein får beskjed om. Dei prøvde seg heile tida med å seie – «dette er ein ordre». Men om Øystein meinte at det sette eigne folk i fare, så svara han nei. I det lange løp var det ein veldig styrke for XU, men det er klart at det gjorde han veldig upopulær hos dei militære.

– Kvifor vart XU-agentane pålagt teieplikt etter krigen?

– Veit du, eg har prøvd å nøste i det, men det er ingen måte å finne det ut på. Det ligg sjølvsagt til etterretninga sin natur at det skal vere sånn, men ikkje at det skal vare så lenge etter krigen. Nokon må ha hatt interesse i å halde det hemmeleg, men det let seg ikkje dokumentere, så det blir berre spekulasjonar.

---

XU

  • Norsk etterretningsorganisasjon under andre verdskrig, som var direkte knytt til Forsvarets Overkommando i London
  • Opphavet til namnet er ikkje sikkert, men er truleg ei engelsk forkorting for «unknown (X) undercover agent»
  • Var aktive 1941–45, og bestod av utelukkande sivilistar
  • I byrjinga rekrutterte ein særleg blant studentar. Også i NSB, politiet og vegvesenet var det mange agentar

---

– Du fortel om dømer på XU-agentar, som etter krigen enda opp med å få landssvikdommar mot seg. Dei har sete i ein rettssal og blitt dømde, utan å røpe informasjon som kunne fått dei reinvaska. Det krev ein enorm styrke?

– Ja, det var kjempetøft. Det er også ein av grunnane til at eg meiner det var viktig å skrive denne boka, for å få fram denne historia. Det var mange som aldri fekk oppreising.

Mange av dei som var XU-agentar enda opp som dei store taparane i etterkrigstida

—  Edda Espeland
Edda Espeland. XU Agenter.

– Far din melde seg også inn i NS, men sidan han også var del av andre delar av motstandskampen vart han reinvaska med ein gong etter krigen. Korleis trur du det hadde gått med han om han berre hadde jobba for XU?

– Då trur eg etterkrigstida vår hadde sett heilt annleis ut. Mange av dei som var XU-agentar enda opp som dei store taparane i etterkrigstida. Mange var unge studentar som eigentleg hadde ei lys framtid framfor seg, men så sette dei alt på vent. Mange var plaga med nerveproblem, men kunne ikkje fortelje kva dei hadde vore med på.

– Kva burde ein gjort for å anerkjenne innsatsen deira?

– Eg meiner det burde vore gjeve høgste krigsdekorasjon, post mortem. Ikkje minst for å vise kommande generasjonar kva som kan gjerast i ein krigssituasjon og kor viktig dette var.

– Trur du det framleis finst ufortalde historier om krigen som enno kan komme fram?

– Ja, eg trur det. Eg trur mange tenkte at dette var noko ein ikkje skulle snakke om. Og så har det blitt liggjande i ulike arkiv, som vår generasjon no har funne.

Edda Espeland. XU Agenter.

– Når dette kjem på trykk er det på dagen 82 år sidan krigen starta. Dei siste som deltok aktivt under krigen er snart borte, og snart også dei siste som har eigne minner frå den. Er dette tidspunktet for å byrje å fortelje historia om krigen på nytt?

– Ja, på mange måtar trur eg det. Vi har høyrt den etablerte etterkrigshistoria, om Max Manus og Sønsteby. Og det er bra. Men historia er meir samansett. Det er veldig vanskeleg, og ein tråkkar alltid på nokre tær når ein byrjar å snakke om krigen. Men det er viktig for ettertida å fortelje det som det var.

– Når alt kjem til alt, kvifor gjorde XU-agentane som dei gjorde? Kvifor utsette dei seg for alt dette?

– Det alle seier er at dei ikkje opplevde at dei hadde noko val. «Nazistane kjem hit og tok seg til rette. Dei har ikkje noko her å gjere. Vi må berre få dei ut!»

– Er det ein parallell til den motstandsviljen vi ser i Ukraina no?

– Ja, det trur eg absolutt det er. Eg trur dei tenkjer at russarane har ikkje noko her å gjere, vi må få dei bort. Dei opplever ikkje at dei har noko val.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter