Nyheter

Tidlegare parti-topp: – KrF bør beklaga

OPPGJER: I år er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert. Tidlegare pressesjef i KrF, Mona Høvset, meiner partiet bør bruka høvet til å beklaga partiets politikk retta mot skeive.

– Det betyr noko for dei det gjeld, å høyra ein beklagelse frå KrF.

Det seier tidlegare kommunikasjonssjef i KrF, Mona Høvset, til Vårt Land.

I samband med at det er 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili, meiner ho det er et godt tidspunkt for KrF å ta eit oppgjer med tidlegare politikk retta mot skeive.

– Eg vil gjerne høyra at Olaug Bollestad erkjenner at KrF sin politikk på den tida ikkje var riktig, og at ho erkjenner og beklagar at det har kome uttalingar frå KrF-politikarar som har vore krenkande.

– Eit godt høve til å reflektere over dei 50 åra som har gått

Tidlegare i år har Bispemøtet kome med ei uttaling om at kyrkja har påført homofile og lesbiske stor skade.

– Kyrkja kjem med ei erkjenning, men ingen beklagelse. Den er berre eit lite steg på vegen. Eg veit at mange i KrF tenker at dei skulle ønska partiet gjorde begge deler, seier Mona Høvset.

I år er det 50 år sidan paragraf 213 vart avskaffa. Denne kriminaliserte sex mellom menn.

– Dette jubileet er eit godt høve til å reflektere over dei 50 åra som har gått. Det er godt å ta eit oppgjer med fortida, også for KrF, seier Mona Høvset.

Då paragrafen var diskutert i Stortinget i 1972, ivra KrF for å erstatta denne med ei særaldersgrense for likekjønna sex.

Historikar ved Skeivt arkiv, Runar Jordåen, seier KrF jobba for ein delvis kriminalisering av homoseksualitet. «Det kunne ført til ein forverring for skeive i Noreg, om KrF hadde fått gjennomslag.» seier han til Vårt Land.

– Det bør ikkje vera vanskeleg å seia at det å gå for ei særaldersgrense, ikkje var eit godt standpunkt, seier Mona Høvset.

Politikken er viktigast

Det vekte debatt i 2018 då dåverande familiepolitisk talsmann, Geir Jørgen Bekkevold, via Mona Høvset og hennar kone.

Høvset understreker at KrF ikkje var åleine om å ha eit negativt syn på homofili på 1970-talet.

– Det aller viktigaste er kva politikk ein fører framover. Det held ikkje seie halleluja, ein må gjera det også, for å seia det med Aage Samuelsen.

Ville ha særaldersgrenser for skeive

Paragraf 213 kriminaliserte sex mellom menn. Då paragrafen var diskutert i Stortinget i 1972, ivra KrF for å erstatta denne med ei særaldersgrense for likekjønna sex.

KrF-arane Asbjørn Haugstvedt og Lars Korvald argumenterte for dette synet i Stortinget.

Medan den seksuelle lågalderen på denne tida var 16 år, ville KrF ha den opp til 18 år for likekjønna sex, og heile 20 år dersom ein blir «forleda» til å ha likekjønna sex.

I Odelstinget fekk KrF-forslaget 13 stemmer, medan 65 stemte mot. I Lagtinget fekk forslaget 4 stemmer medan 18 røysta mot.

Bollestad: Det er selvsagt beklagelig

Vårt Land har spurt KrF både kva partiet tenker om eigen historie knytt til skeive, og forelagt sitata frå Mona Høvset.

Partileiar Olaug Bollestad svarar på e-post:

«Vi vet at mennesker har opplevd KrFs politikk fra den gangen som en vond belastning. Det tar vi på det største alvor og det er selvsagt beklagelig. Samfunnet og den politiske konteksten for femti år siden er veldig ulik dagens samfunn.

Det har skjedd mange viktige endringer for å gi homofile trygge og gode rammer rundt samliv de siste femti årene. KrF er opptatt av å løfte viktigheten av trygge og juridiske rammer rundt homofiles samliv og jobbet mot diskriminering av homofile. KrF vil ha et samfunn hvor alle mennesker er likestilte og frie. Diskriminering av homofile bryter totalt med KrFs verdier.»

---

Paragraf 213

  • Fram til 21. april 1972 var paragraf 213 ein del av straffelova.
  • Den lyder slik: Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 aar. Med samme straff ansees den, som har utugtig omgjængelse med dyr, eller som medvirker dertil. Paatale finder alene sted naar det er paakrævet af almene hensyn.
  • Avskaffinga av paragrafen blir feira med Skeivt kulturår, med arrangement over heile landet.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter