Nyheter

Høgre stemmer mot abort-forslag frå Venstre

ABORTGRENSE: Høgre kjem til å stemma mot Venstres forslag om å utvida abortgrensa. I slutten av april blir det open høyring om saka.

Veka før kvinnedagen 8. mars la Venstre fram eit representantforslag om abort på fire punkt. Eit av dei fire forslaga går på å utvida abortgrensa til veke 18.

Forslaget kjem ikkje til å få støtte frå Høgre, varslar Sandra Bruflot.

– Me stemmer mot alle abortforslaga til Venstre, seier Bruflot som sit i helse- og omsorgskomiteen for Høgre.

Fem stemmer kan bestemme

I Stortinget er 80 representantar vald inn frå parti som ønsker å utvida dagens abortgrense.

Ei endring av dagens grense krev 85 stemmer. Desse kan koma frå representantar frå Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet. Desse partia har tradisjon for å fristilla representantane sine.

No vil altså moglege Høgre-stemmer for ei utviding av abortgrensa, først komme etter at eit varsla abortutval har lagt fram sin rapport.

– Venstre-forslaget får ingen draghjelp frå enkeltrepresentantar frå Høgre. Dei som eventuelt måtte vera i tenkeboksen i Høgre, vil vente på utgreiinga frå regjeringa. Så får me ta ein ny diskusjon når utvalet kjem, seier Sandra Bruflot.

«Komfortabel» med abortutval

Sandra Bruflot er ein av dei som er i tenkeboksen i Høgre.

– Mitt utgangspunkt er at eg støtter ei abortgrense på 12 veker. Men eg er ein av dei som vil sjå kva utgreiinga inneheld, før eg veit kva eg vil stemma.

Helseminister Ingvild Kjerkol har varsla eit abortutval. Det skal sjå på abortlovens bestemmelser, oppfølginga av kvinner som tek abort og alternativ til dagens nemnder.

– Eg er veldig komfortabel med at Høgre ventar på abortutvalet. Dette er eit etisk vanskeleg spørsmål med mange kjensler. Abortlova bør utgreiast før ein eventuelt gjer endringar, seier Sandra Bruflot.

Også Heidi Nordby Lunde i Høgre har opna for å utvida abortgrensa. Til Vårt Land har ho sagt at ho har vore tilhengar av ein svensk modell. Sverige har sjølvbestemt abort til veke 18. Samstundes har ho sagt ho ser gode argument for å bevara veke 12.

Blir høyring 28. april

Forslaget frå Venstre er no til behandling i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Det skal vera ei ope, munnleg høyring i saka 28. april.

Dette er eit møte der komiteen hentar inn informasjon frå departement, organisasjonar og andre partar.

– Eg er glad det blir høyring. Dette er ei sak mange er oppteken av. Då er det ei styrke at Stortinget legg til rette for ein open debatt, seier Sandra Bruflot.

Helsekomiteen skal kome med ei innstilling i saka 19. mai.



---

Venstres fire abortforslag

  • 1. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å utvide grensen for selvbestemt svangerskapsavbrudd til 18. svangerskapsuke.
  • 2. Stortinget ber regjeringen sikre kvinner reell selvbestemmelse ved svangerskapsavbrudd gjennom utvidet tilgang til og styrket tilbud om kvalifisert støtte, rådgivning og oppfølging.
  • 3. Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg som skal utrede alternativer til dagens nemndordning ved svangerskapsbrudd etter uke 18, med sikte på en mer tillitsbasert ordning med respekt for kvinners valg.
  • 4. Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendring der § 2a i lov om svangerskapsavbrudd oppheves og reglene om at svangerskapsavbrudd også gjelder for fosterantallsreduksjon, blir tydeliggjort.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter