Høgre stemmer mot abort-forslag frå Venstre
ABORTGRENSE: Høgre kjem til å stemma mot Venstres forslag om å utvida abortgrensa. I slutten av april blir det open høyring om saka.
STEMMER MOT: Sandra Bruflot er blant dei som er i tenkeboksen i Høgre om abortgrensa bør utvidast.(Foto: Vidar Ruud/NTB)
Veka før kvinnedagen 8. mars la Venstre fram eit representantforslag om abort på fire punkt. Eit av dei fire forslaga går på å utvida abortgrensa til veke 18.
Forslaget kjem ikkje til å få støtte frå Høgre, varslar Sandra Bruflot.
– Me stemmer mot alle abortforslaga til Venstre, seier Bruflot som sit i helse- og omsorgskomiteen for Høgre.
Bestill abonnement her
KJØP