Nyheter

Kjerkol: Stortinget må vente på abortutval

ABORTGRENSE: Venstre ønskjer at Stortinget snarast mogleg skal vedta ei utviding av grensa for sjølvbestemt abort. Ikkje lurt, melder helseministeren: Stortinget må vente på abortutvalet.

Ei veke før kvinnedagen klaska Venstre eit privat lovforslag på bordet til stortingspresidenten. Medan regjering og Storting handsama følgjene av Russlands invasjon av Ukraina, sparka Venstre i gang abortdebatten som tok Støre-regjeringa og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) på senga.

Representantforslaget frå partileiar Guri Melby og medrepresentantane Ingvild Wetrhus Thorsvik og Sofie Høgestøl, bad ganske enkelt Stortinget om å «utvide grensen for selvbestemt svangerskapsavbrudd til 18. svangerskapsuke».

I dag går grensa ved 12. veke.

Svarbrev frå statsråden

Venstres forslag blei sendt fagkomiteen, Stortingets helsekomité. Før fagkomitear gjev frå seg innstilling i lovsaker ber ein alltid om fagstatsrådens synspunkt.

I svarbrevet frå helseminister til helsekomiteen melder Ingvild Kjerkol (Ap) at vegen fram til liberalisering av abortloven går via eit utval.

Kjerkol legg vekt på, «uavhengig av hvilke standpunkter vi i utgangspunktet har», at det er svært viktig i denne saka å få «et best mulig grunnlag for å ta endelig stilling, blant annet til forslagene representantene nevner».

Jeg holder derfor fast ved at det bør nedsettes et utvalg som skal se på abortlovens bestemmelser

—  Ingvild Kjerkol (Ap), helseminister

Utval kjem i vår

Difor vil ho som helseminister først ha eit utval på plass:

«Jeg holder derfor fast ved at det bør nedsettes et utvalg som skal se på abortlovens bestemmelser, oppfølgingen av kvinner som tar abort og alternativer til dagens abortnemnder», skriv Kjerkol.

Ho legg dermed opp til eit etappearbeid: Først setje ned eit utval, vente på utvalsrapporten, så fremme forslag for Stortinget, som til sist munnar ut i vedtak som kan endre abortloven.

Der Venstre ønskjer abortdebatt i vår, melder Kjerkol at ho ikkje er budd til akkurat det. Abortutvalet blir sett ned «i løpet av våren».

Sp-topp åtvarar

Kjerkols strategi har sterk støtte i Senterpartiet. Då Venstre la fram abortforslaget i mars, rykka Sps Kjersti Toppe, som er barne- og familieminister, ut i Dagen og åtvara mot Venstres hast.

«Jeg vil sterkt oppfordre alle partier til å gjøre dette på en god måte, slik at man har tid til å vente til utredningen har kommet med sine anbefalinger», sa ho til avisa.

I Hurdalsplattforma varsla Støre-regjeringa at lovendringsarbeidet startar med utvalet. Toppe meiner difor at Venstres forslag, som er eit såkalla dokument 8-forslag, er einsidig.

Oslo 20220202. 
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) under den muntlige spørretimen i Stortinget onsdag.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Augnar fleirtal

Regjeringstoppane, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) argumenterer også for ein grundig og langsiktig tilnærming til den kjenslevare aborttematikken.

Til Vårt Land har partileiar Guri Melby forklart at Venstre ikkje kan vente på utvalet og utgreiinga:

– Venstre har ikke behov for den. For det er et mulig flertall i Stortinget for endring av loven. Det ønsker vi nå å sjekke ut. Vi vet jo at Ap primært deler vårt syn. I SV, Rødt, MDG, Frp og Høyre kan det være støtte til vårt forslag.

---

Fristilte folkevalde

  • Spørsmålet om utvida abortgrense til 18 veker kan skape stemmethriller i Stortinget.
  • I dag går grensa ved 12. veke.
  • Vårt Land har kartlagt haldningar hjå einskildrepresentantar i Sp, Høgre og Frp. Denne viser at fem røyster kan avgjere om Stortinget går for ei utvidinga av dagens 12-vekers grense.
  • I regjeringsplattforma frå Ap og Sp er det avklart at dei to partia «står fritt til å søke flertall i Stortinget for sine standpunkter om abortloven».

---

Sender namn til Kjerkol

Medan helseminister Kjerkol arbeider med samansetninga og mandatet, melder organisasjonar og institusjonar inn personar dei meiner må sitje ii utvalet.

I epost frå Norges Kristne Råd (NKR) skriv generalsekretær Erhard Hermansen at dei ønskjer dr. theol. Hilde Marie Ø. Movafagh inn i utvalet:

«Hilde Marie Ø. Movafagh er studentprest på MF Vitenskaplige høyskole, rektor på Metodistkirkens teologiske seminar, og er leder for Norsk teologisk samtaleforum (NTSF) under Norges Kristne Råd. NTSF har i sitt arbeid blant annet arbeidet med bioteknologi og gav i 2021 ut heftet ‘Hva er da et menneske...’, listar Hermansen opp i presentasjonen.

Tidlegare i vinter ønskte Human-Etisk Forbund filosof Kaja Melsom inn i utvalet. Ho er seniorrådgievar i livssyn og etikk i HEF.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter