Fleirtal i SV for å gi våpen til Ukraina
Landsstyret i SV snur, og det er no fleirtal i partiet for å gi våpen til Ukraina.

Etter at landsstyret i SV i starten av mars stemde mot å bidra med norske våpen til Ukraina, har landsstyret no snudd, skriv VG.
På eit landsstyremøte torsdag var det fleirtal for å gi norske våpen til Ukraina, men leiinga er splitta i synet.
SV-leiar Audun Lysbakken stemde for. Han seier våpenhjelp kan vere avgjerande for at Ukraina klarer å stå imot Putins aggresjon.
– Ukrainarane har rett til å forsvare seg sjølv, og det er no først og fremst evnene deira til dette som hindrar Putin i å gjennomføre planane sine. Derfor har SV komme fram til at vi kan støtte at Noreg bidreg, seier Lysbakken.
SV-nestleiar Kirsti Bergstø stemde mot. Ho anerkjenner at militær motstand er nødvendig, men ikkje med norske våpenbidrag.
– Eg ønskjer at Noreg tek ei leiande rolle når det gjeld nødhjelp og bistand i møte med den humanitære katastrofen som går føre seg i Ukraina og nærområda, seier ho til avisa.