Nyheter

Gjert Ingebrigtsen snakkar ut: – Visste at slitasjen før eller sidan ville slå til

Gjert Ingebrigtsen uttaler seg for første gong etter han gav opp trenaransvaret for dei tre løpesonane sine. Om situasjonen peikar han på «slitasje i familien».

Tidleg i februar vart det kjent at trenar og pappa Gjert Ingebrigtsen var sjukmeld og ikkje kom til å vere tett på sønene i treningskvardagen framover. Han har vore heilt sentral i utviklinga til Ingebrigtsen-gutane, og i 2019 vart han kåra til årets trenar på Idrettsgallaen.

Sjukmeldinga vart grunngitt med høgt arbeidspress. Ingebrigtsen skal likevel halde fram i trenarrolla for Narve Gilje Nordås. Fredag sette han ord på det som har skjedd.

– Vi visste at denne slitasjen i familien før eller seinare ville slå til, seier han til NRK.

– Eg er eit heilt alminneleg menneske, med både sterke og svake sider. Men eg har ført gutane mine til både EM-, VM- og OL-medaljar, og er veldig stolt av det, seier han.

Han seier at dei heile tida har vore merksame på risikoen som har vore knytt til rollene.

Henrik tek over

I etterkant av sjukmeldinga vart det klart at eldstemann blant løparbrørne, Henrik Ingebrigtsen, ville ta over oppgåvene til faren. Han sa samtidig at han ønskte at Gjert berre skulle konsentrere seg om å vere far og bestefar.

– Han er pappaen vår. Vi har enormt mykje å takke han for, som far og trenar. men til slutt kjem han og vi til punktet der vi og han må velje: far-son eller trenar-utøvar. Etter så mange år i begge roller gjekk det ikkje lengre. Vi meiner det er best for alle at han berre er far og bestefar, sa han til NRK tidlegare i mars.

– Ingenting varer evig, har OL-gullvinnar Jakob Ingebrigtsen uttalt om forholdet.

Koronatrøbbel

Førre helg sprang den olympiske meisteren inn til VM-sølv på 1500 meter innandørs. Kort tid etter testa han positivt på koronaviruset.

Også broren Filip har hatt covidsjukdom, men er no i normal trening igjen.

Henrik Ingebrigtsen er på veg tilbake frå ein lårskade og har planar om å sesongopne utandørs på Bislett neste månad.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter