Ber om orsaking for hjartelaust eksperiment med 22 barn
NORDEN: 22 grønlandske barn skulle lærast opp i Danmark til å bli eliteborgarar på Grønland. Eksperimentet feila grovt. Nordiske land tek oppgjer med handsaminga av urfolk.
BARNEHEIM: 22 grønlandske barn blei i 1951 fjerna med tvang frå familiane og sendt til Danmark som del av eit eksperiment i regi av den danske staten. Berre seks av dei lever i dag.
Nikolai Linares
Dei kalla det eit eksperiment. Og det var svært hemmeleg.
Inuittbarn frå Grønland skulle reise til sivilisasjonen i Danmark, bli fordanska gjennom utdanning og levekår, for så å bli sendt tilbake til folket dei kom frå, for å bli rollemodellar for Grønlands urfolk.
Dei skulle bli ein dansksnakkande, sivilisert «fortropp for utviklinga i Grønland».