Nyheter

Russarar søkjer asyl i Norge - ein kom over Storskog i Finnmark

KRIG I UKRAINA: Frå ei veke til neste blei talet på asylsøkjarar frå Russland nesten seksdobla, melder Utlendingsdirektoratet. Desertørar og anti-krigsaktivistar kan få asyl i Norge, seier justisministeren.

grense

Russland invaderte nabolandet Ukraina 24. februar i veke åtte. Utlendingsdirektoratet (UDI) registrerte tre asylsøkjarar frå Russland i veke åtte.

I veke ni skaut talet i vêret: 17 russiske statsborgarar søkte asyl i Norge.

I veke ti kom talet ned i to.

I heile januar bad seks russarar om vern i nabolandet.

Melde seg hjå politiet

– I veke ti, altså sist veke, kom det ein person frå Russland, via Storskog, som søkte asyl i Norge her på politistasjonen i Kirkenes, får Vårt Land opplyst hjå Finnmark politidistrikt.

Søknaden blir sendt vidare, først til Politiets utlendingseining, så til Utlendingsdirektoratet.

UDI fortel Vårt Land at det er for tidleg å vurdere eit generelt inntrykk av dei russiske asylsøknadane.

Altså kan ikkje UDI fortelje om det er russiske soldatar som deserterer for å sleppe unna krigen i Ukraina, eller om det er russarar som flyktar frå landet fordi dei er uttalte krigsmotstandarar og fryktar forfølging frå styresmaktene.

Nyhendebyrået InterfaxUkraine, som er eigd av russiske Interfax, hevdar at russiske soldatar deserterer både i Ukraina og på veg til landet. Byrået publiserer ikkje tal som seier noko om omfanget.

Vil søkje asyl i Norge

Ein russar som vil søkje asyl i Norge, er urfolksaktivisten og samepolitikaren Andrei Danilov. I ein video han har lagt ut i sosiale medium fortel Danilov at som motstandar av krigen i Ukraina var det for farleg for han å bli i Russland, melder NRK Sapmi:

– Vener, eg oppheld meg ein stad i Norge. Saka er slik at eg oppheld meg på eit flyktningmottak. Målet er å søkje om politisk asyl, seier Danilov.

Den russiske urfolksaktivisten Dmitry Berezhkov, som fekk opphald i Norge i 2015, kjenner Andrei Danilov godt og fortel Vårt Land at venen no har søkt asyl i Norge, at han oppheld seg på eit mottak – og at Facebook-videoen er ekte.

demo

– Andrei er ein prominent samerettsaktivist og lokalpolitikar på Kola, han kjempar særleg mot utnyttinga av naturressursar på samisk grunn, seier Berezhkov, og fortel at Danilov blei arrestert sist haust, men sett fri.

Som aktivist og politikar var det naturleg for Danilov å ta eit offentleg oppgjer med Russlands krig i Ukraina, fortel Berezhkov.

– Andrei kom seg til Norge med eit av dei siste flya som letta frå Russland.

Politiet har den siste tiden slått hardere ned på antikrigsdemonstrasjoner i Russland, ifølge organisasjonen OVD. Her fra en demonstrasjon i Moskva 24. februar. Arkivfoto: Dmitrij Lovetskij / AP / NTB

Strenge reaksjonar

Regimet til president Vladimir Putin slår hardt ned på synleg og artikulert motstand mot krigen i Ukraina. Russiske og utanlandske medier, samt sosiale medium som Facebook og Twitter er blokkerte.

Samstundes blir arrestasjonar, politivald og truslar brukt for å stoppe demonstrasjonar og protestar i russiske byar.

Russland har innført ein lov som forbyr å spreie «falsk informasjon om aktivitetane til Russlands væpna styrkar». Dei som blir dømde for slik spreiing risikerer 10.000 euro i bot eller fengsel i frå tre til 15 år, melder DW.com.

---

Ukraina-krigen

  • Russisk politi arresterte sundag 817 menneske i 37 russiske byar for å ha demonstrert mot krigen i Ukraina, hevdar organisasjonen OVD-info.
  • Moskva-politiet opplyser sjølve at dei arresterte kring 300 menneske sundag, for brot på offentleg orden.
  • Ifølgje OVD-Info er 14.804 menneske arresterte i demonstrasjonar over heile Russland sidan invasjonen av Ukraina, dei risikerer bøter og fengselsstraff.
  • Kor mange russiske soldatar som har desertert, eller har nekta militærteneste i Ukraina, er det ikkje offisielle tal på.

---

«Trygg havn»

Raudts stortingsrepresentant Tobias Drevland Lund meiner Norge «som fredsnasjon» må vere ei «trygg havn» for dei som kjempar mot krigen i Ukraina, og som sjølve må flykte:

«Har regjeringen noen planer om å sørge for at det gis politisk asyl til russiske desertører, militærnektere og anti-krigaktivister som flyktar fra Russland i kjølvannet av invasjonen av Ukraina», spør han i eit skriftleg spørsmål han har sendt justisminister Emilie Mehl (Sp).

Lund skriv at «kampen den russiske fredsbevegelsen kjemper er sentral for å svekke Russlands krigføring og russiske soldaters kampvilje. Dette inkluderer ikke minst de soldater som legger ned våpnene».

Mehl: Svaret er ja

Justisminister Mehl, som har det øvste ansvaret for asyl- og flyktningpolitikken til Støre-regjeringa, svarar at både soldatar som deserterer og anti-krigsaktivistar kan få opphald i Norge om dei «står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff ved tilbakevending til hjemlandet».

Mehl konkretiserer:

«Desertører, militærnektere og politiske aktivister er eksempler på personer som kan få asyl dersom de risikerer forfølgelse som følge av dette» - og minner om at «personer som har begått krigsforbrytelser eller andre lignende forbrytelser» ikkje kan få asyl.

Justisministeren presiserer i svaret til Lund at korkje ho eller departementet kan gripe inn i einskildsaker, ei heller når det gjeld russiske asylsøknadar. Det er som vanleg UDI og Utlendingsnemnda (Une) som fattar vedtak.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter