Nyheter

Nato freistar krigsprega Finland

KRIGEN I UKRAINA: Vladimir Putins invasjon av nabolandet Ukraina sender Finland nærare Nato. Kanskje marsjerer den krigsherja nasjonen heilt inn i alliansen.

Då russiske granatar fall over Ukraina, fann det brått stad eit stemningsskifte i Finland. Lysta på medlemskap i Nato steig markant.

Snart kan Finlands balansepolitikarar falle ned på eit vedtak som få ville spådd:

Nøytralitetslandet søkjer medlemskap i den nordatlantiske forsvarsalliansen.

Finland har stått opp mot det Ukraina no gjennomlever: ein invasjonsvillig, mektig nabo.

Sovjet invaderte Finland

30. november 1939 invaderte Sovjetunionen Finland.

Åtaket kom etter at Finland hadde avvist tre svært inngripande krav frå Moskva:

Gje det karelske neset til Sovjetunionen, øydeleggje dei finske forsvarsverka langs grensa og leige ut halvøya Hanko til ein sovjetisk marinebase.

Finnane sa nei. Dei frykta at Josef Stalin berre ville fremje nye urimelege krav om dei sa ja.

krig

Fann opp molotovcocktailen

Nesten 83 år før Russland Vladimir Putin bles i krigsluren og sende divisjonane inn i Ukraina, mana marskalk Kirill Meretskov, Leningrads kommandant, sovjethæren til krig.

Sovjetunionens eineveldige leiar, Josef Stalin, hadde sett av 12 dagar til krigen mot det vesle, veike nabolandet.

Vinterkrigen varte i 105 dagar.

Til sist måtte finnane strekkje våpen, men sigeren årelata Sovjetunionen. Minst 250.000 soldatar døydde.

---

Finland

  • Har allmenn verneplikt for menn frå fylte 18 år, frivillig verneplikt for kvinner.
  • Væpna styrkar tel 21.500 aktivt personell, 2.700 i ein halvmilitær grensevakt – og ein reserve på 216.000 soldatar.
  • Deltek på øvingar saman med Nato-land.
  • Har sendt soldatar til Nato-operasjonane i Afghanistan og Kosovo.
  • Har sendt soldatar til FN-oppdrag i Libanon, Mali og Midtausten.

---

Grenseland mellom aust og vest

Etter framhaldskrigen 1941–1944 betalte Finland dyrt for freden målt i krigserstatningar og sovjetiske krav. Den sovjetiske maktpolitikken fekk eit eige ord: finlandisering.

I 1948 signerte Finland ein venskaps- og bistandsavtale. Landet måtte takke nei til amerikansk Marshall-hjelp, fekk ikkje bli medlem i Nordisk Råd ved skipinga i 1953 og steig først inn i OECD i 1968.

Finsk utanrikspolitikk var tufta på avtalen heilt fram til Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991. Då kollapsa også Finlands eksport, som kvilte tungt på storkunden i aust.

EU opna opp for utviding, og finnane formeleg sprang til Brussel. Medlem i Unionen i 1994, innførte euroen i 1998.

Men forsvarspolitisk nølte Finland. Nato var ikkje ei naturleg hamn.

MOLOTOV

Passerte 50 prosent

Så kom torsdag 24. februar 2022.

Putins åtak på Ukraina skremmer verkeleg opp Russlands naboar i vest. Meiningsmålinga YLE, Finlands NRK, byrja å ta opp 23. februar, viste eit historisk resultat då ho blei presentert fem dagar seinare:

53 prosent seier ja til finsk medlemskap i Nato.

I ei måling gjort av avisa Helsingin Sanomat to veker tidlegare, medan Russland samla soldatar langs Ukrainas grense, svarte berre 43 prosent ja til medlemsskap.

YLEs førre Nato-måling, gjort i 2017, viser kva finnar flest meinte om alliansen – i fredstid: Berre 19 prosent var for.

Samstundes som YLE spurde folket, samla det same folket seg om eit borgarkrav: Om 50.000 signerer eit opprop, må Riksdagen drøfte saka.

50.000-kravet blei innfridd på rekordtid, og 1. mars var det Nato-debatt i nasjonalforsamlinga. Mange kjende på otte.

Lovnader frå USA

I Finland ligg utanrikspolitikken under presidenten, som også er øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Få dagar etter den russiske invasjonen blei Sauli Niinistö innvilga audiens hjå presidentkollegaen i Det kvite hus.

På møtet med Joe Biden fekk Niinistö sterke forsikringar om at forsvars- og tryggingssamarbeidet mellom Finland og USA skal bli sterkare.

Sjølv om USA helsar Finland velkomne i Nato vedgår Niinistö at vegen er brulagt med hinder. Alle dei 30 medlemslanda må godkjenne Finlands søknad, noko som kan bli krevjande.

hjelp

Raskt og grundig ordskifte

Statsminister og sosialdemokrat Sanna Marin tek hand om nærområda. Saman med Sveriges regjeringssjef kunngjorde ho at dei to landa styrkjer forsvars- og tryggingssamarbeidet. Vidare haustar ho inn heiarop frå naboar i EU, som også er Nato-medlemmer:

Me vonar at Finland går inn i Nato, og me er budde på ei rask avgjer, lova Estlands statsminister Kaja Kallas då Marin gjesta henne.

Ein som åtvarar sterkt, er landets tidlegare statsminister, Alexander Stubb frå den konservative Samlingspartiet. Nato-medlemskap er ikkje aktuelt akkurat no. Han meiner Finland ikkje kan teikne brannforsikring etter at brannen har starta.

Stubb fryktar at ein Nato-søknad kan eskalere krigen i Ukraina så han kan «nå oss her oppe i nordaustre Europa».

SVERIGE

Krigen slutta 13. mars

Han er ikkje åleine om å kjenne på den uroa i Finland. Dei som åtvarar mot medlemskap er redd for at ein søknad skal provosere Moskva og Putin.

Sjølv sa statsminister Marin, i Tallin måndag, at det finske Nato-ordskiftet skal gå raskt, men vere grundig. 13. mars er det 82 år sidan vinterkrigen slutta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter