Nyheter

Skjæran blir mellombels arbeidsminister etter Tajiks avgang

Ap-statsråd Bjørnar Skjæran overtek mellombelse ansvaret for Arbeids- og inkluderingsdepartementet etter at Hadia Tajik (Ap) formelt gjekk av fredag.

– Statsråd Bjørnar Selnes Skjæran overtek styret av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i tillegg til ansvaret han i dag har for fiskeri- og havsaker i Nærings- og fiskeridepartementet, heiter det i offisielt frå statsråd fredag.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) varsla torsdag at ein ny statsråd vil bli utnemnd over helga.

Hadia Tajik informerte på ein pressekonferanse onsdag at ho hadde bede Støre om å få gå av som arbeids- og inkluderingsminister på grunn av pendlarbustadsaka.

VG avslørte sist søndag korleis Ap-nestleiaren fekk tildelt skattefri pendlarbustad i 2006 til 2010 basert på ein leigekontrakt ho aldri nytta.

– Eg er lei meg for at det eg har gjort feil. Eg har skuffa mange. Det ber eg om tilgjeving for. Eg beklagar at eg ikkje handterte dette betre før. Det er min feil, sa Tajik og påpeika at den øvste sjefen i arbeidsdepartementet er avhengig av tillit.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter