Bergen kommune gir 5 millionar til Ukraina

Bystyret i Bergen har vedteke å gi 5 millionar kroner til Flyktninghjelpens arbeid i Ukraina.

Utsikt over Bergen, som har hatt ein auke i talet på smitta den siste tida. Arkivfoto: Marianne Løvland / NTB / NPK
BERGEN GIR: Bystyret i Bergen har bestemt seg for å donere fem millionar kroner til Ukraina. Vidare opplyser dei at givarviljen i byen er stor. Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Publisert Sist oppdatert

– Bystyret vil samtidig nytte høvet til endå ein gong å minne om at Bergen står i solidaritet med uskuldige ukrainarar, og samtidig fordømme Putins angrep på Ukraina på det sterkaste, skriv kommunen i ei pressemelding.

Bystyret opplyser vidare at givarviljen i Bergen er stor. Den siste tida har mange lokale organisasjonar og eldsjeler i byen gjort ein innsats for å hjelpe Ukraina.

– Mange gir pengar, klede, mat, og ikkje minst, av si eiga tid. Vi som folkevalde delar det engasjementet og meiner det er på sin plass at Bergen som kommune bidreg når vi har moglegheita til det, heiter det.