Nyheter

Svein Tuastad: – Alt går gale for denne regjeringa

GJEKK AV: – Den einaste stjerna som har skine i regjeringa Støre har falt, seier statsvitar Svein Tuastad om at Hadia Tajik måtte gå av som statsråd.

– Feil eg gjorde for 15 år sidan skuggar over jobben eg skal gjere i dag, opna Hadia Tajik på pressekonferansen der ho melde sin avgang i dag.

Arbeids- og integreringsministeren måtte be om å få gå av etter at fleire saker knytt til bruk av pendlarbustad har rulla i media gjennom fleire veker.

– Den einaste som har skine i Støre si regjering har vore Tajik. Og så blir også ho henta inn av pendlarbustadsaka, seier Svein Tuastad til Vårt Land.

Svein Erik Tuastad

Noregsrekord i dårleg start

Han er førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitet i Stavanger, og valforskar. Han kallar no dei første månadane av Støre sitt regjeringsprosjekt «ein Noregsrekord i dårleg start».

– Støre slit med å få gjennomføre politikken han har lova å levere på. Kriser som den siste koronabølgja, straumkrisa, og no krig i Ukraina, gjer at han aldri kjem i gang. Og no mistar han også den eine av statsrådane hans som verkeleg har lukkast, seier Tuastad.

– Finnast det nokon historisk parallell til starten som Støre har hatt?

– Det må vere Jagland. Han byrja veldig dårleg, seier Tuastad, og legg til:

– Og det fortsette dårleg, og.

Oppbygd truverdskapital

Det er likevel ikkje sikkert at Tajik er ferdig i toppen av norsk politikk som følgje av dette, understrekar Tuastad.

– Eg tru det er mogleg for henne å komme tilbake. Det er nesten meir så eg lurer på om ho ønskjer å komme tilbake, eller om ho er blitt lei av politikken.

Sjølv om pendlarbustadsaka har skapt mykje negativ merksemd for Tajik, så meiner Tuastad at ho framleis har litt å gå på.

– Tajik som politikartype er ryddig. Det kjem ho til gode no. Ho har mykje opparbeidd truverdskapital på kontoen enno, trur han.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter