Nyheter

Nesten 100 interesserte i soldatteneste i Ukraina

KRIG I UKRAINA: Oksana Huk pakkar klede som skal til frivillige soldatar i Ukraina. Opp mot 100 nordmenn har vist interesse for å kjempe mot den russiske invasjonshæren.

Oksana Huk samler inn klær til krigen i Ukraina.

Feltgrøne bukser, liggjeunderlag, primus, legemiddel, sekkar.

Alt av klede og turutstyr som kan brukast av soldatar i felt, blir sortert inn på eige rom, og legemiddel og førstehjelpsutstyr på eit anna.

På eit kontor i Oslo arbeider Oksana Huk saman med eit korps av frivillige. Sekkar blir leverte på døra. Så byrjar sorteringa. Saman med Ukrainas ambassade i Oslo handterer Huk norsk gjevarvilje.

– Eg er så takksam for alt nordmenn gjev og stiller opp med, seier ho og held opp tre grøne feltbukser. I same stund trekkjer ho fram hjelpa frå Støre-regjeringa, som Stortinget har stilt seg bak: militært verneutstyr og rakettvåpen.

– Mange av våre soldatar har korkje hjelm eller skotsikker vest.

Ber om soldatar, helsepersonell og utstyr

Ukrainas ambassade i Oslo ber om fire ting, via eiga Facebook-side:

  • Frivillige soldatar til landets hær.
  • Frivillige legar og sjukepleiarar.
  • Frilufts- og verneutstyr.
  • Økonomisk støtte til krigen mot Russland.

– Sidan appellen frå presidenten gjekk ut i helga, har opp mot 100 nordmenn kontakta ambassaden, opplyser Ukrainas ambassade i Oslo til Vårt Land.

Bøn frå presidenten

I helga gjekk Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj ut på sosiale medium og bad om frivillige til ein eigen militær avdeling med utanlandske soldatar. Han ønskjer dei som er villige til «å stå side ved side med ukrainarane mot inntrengjarane».

Til skilnad frå ambassadar i andre vesteuropeiske land, til dømes i London og København, har ikkje ambassaden i Oslo ei ordning der frivillige kan skrive seg på liste.

– Me informerer berre om ordninga, og sender alle interesserte vidare til rett avdeling i Ukraina, opplyser ambassaden til Vårt Land.

Generaladvokat Sigrid Redse Johansen til opplyser Forsvarets forum at det ikkje er ulovleg for nordmenn å krige på vegner av ein annan stat, men dei frivillige må slutte seg til regjeringsstyrkar og bere deira uniform.

Ukrainas ambassade i Oslo, med et par politibiler foran. Russland startet i natt et angrep på Ukraina. Foto: Heiko Junge / NTB

Folk frå Norge

Frå Ukraina melder finske Ralf Sirén at han har internasjonalt selskap. Han er fersk, frivillig soldat i Ukrainas hær:

– Her er folk frå heile verda, til dømes Norge, skriv han på eiga Facebook-side og ramsar vidare opp land som Danmark, USA, Canada, Estland og Tsjekkia.

Her er folk frå heile verda, til dømes Norge

—  Ralf Sirén, finsk frivillig i Ukrainas hær

Har militær utdanning

Ralf Sirén starta med å sende pengar til Ukraina – nasjonalbanken i Kyiv har sett opp ei eiga mottaksteneste for utanlandske gjevarar.

Men så kom Sirén at han måte gjere meir. Han melde seg som soldat i Ukraina. Og svarte med det på appellen frå president Volodymyr Zelenskyj, som har bede om frivillige til ein internasjonal styrke i landets hær.

Han forklarar valet i eit intervju med Hufvudstadsbladet:

– Eg meiner politikarane gjer for lite og handlar alt for seint når dei skal hjelpe Ukraina. Som militært utdanna og løytnant i reserven er det mi plikt å gjere det eg kan.

Stiller i uniform

Tysdag la han ut eit foto av seg sjølv, i sosiale medium, i ukrainsk uniform. Han skriv at arbeidsgjevaren ikkje gav han permisjon, så han må be om økonomisk hjelp:

Ber om utstyr

Ambassaden i Oslo spør etter ei lang liste med klede og friluftsutstyr, førstehjelpsutstyr – og legemiddel. Utstyret er det mange nordmenn brukar på turar i skog og mark, men som også er svært tenleg for soldatar.

«Dersom du vil hjelpe Ukraina og landets forsvar med livsviktige, humanitære behov», lyder appellen.

– Responsen er svært god, opplyser ambassaden, og fortel om donasjonar frå bedrifter og privatpersonar.

Glad for frivillige

På kontoret i Oslo arbeider Oksana Huk fulltid med å sortere det som blir levert inn. Huk, som er utdanna historikar og filosof, går eigentleg på norskkurs og skal snart ha eksamen. No handlar alt om hjelpesendingar austover.

– Me treng all den hjelpa me kan få. Putin er ein svært farleg mann. Derfor er det flott at nordmenn viser vilje til frivillig å reise til Ukraina for å kjempe, seier Oksana Huk.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter