Nyheter

Merkel vart stole frå lommeboka på handletur

Tyskland: Tidlegare statsminister Angela Merkel vart stole frå lommeboka då ho torsdag var ute og handla i Charlottenburg i Berlin, ifølgje DPA.

Lommeboka forsvann då ho var innom ein delikatessebutikk ved 11.40-tida, skriv det tyske nyheitsbyrået. Ho skal ha besøkt butikken saman med minst éin livvakt.

Politiet har stadfesta at ei 67 år gammal kvinne har meldt eit tjuveri.

Lommeboka inneheldt eit ID-kort, bankkort, førarkort og kontantar.

Kontoret til eksstatsministeren har ikkje kommentert opplysningane.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter