Nyheter

– Putin vil slå ut Ukrainas sivile og militære leiing

KRIG I UKRAINA: Russlands optimale mål er setje inn eigne leiarar i Ukraina, seier militæranalytikar Palle Ydstebø.

Rakettar landar i Kyiv, Ukrainas hovudstad. Torsdag morgon kom Russlands angrep på nabolandet.

– Me ser luftåtak mot kritiske militære og sivile leiingsmål i Ukraina. Russland prøver å slå ut viktig infrastruktur, seier oberstløytnant Palle Ydstebø.

Han meiner at president Vladimir Putin ønskjer å slå ut Ukrainas sivile og militære leiing.

Han er sjef for seksjon for landmakt ved Krigsskulen, Forsvarets fremste offiserutdanning - og har internasjonal røynsle frå mellom anna Afghanistan og FN-styrken i Sør-Sudan.

Har ein marionett, ønskjer to

Nyhendebyrå melder at Russland også angrip Ukraina frå Kviterussland, nabolandet i nord. Her er Russlands marionett Aleksandr Lukasjenko president, fortel Ydstebø.

Putin ønskjer ein tilsvarande president i Ukraina, slik at han kan kontrollere landet slik han kontrollerer Kviterussland, seier analytikaren.

– Eit russisk ordtak seier at Russland utan Ukraina er eit land, medan Russland med Ukraina er eit imperium.

Russiske stridsvogner rulla i morgontimane over grensa frå Kviterussland til Ukraina, og ukrainske grensevakter melder om skotveksling.

Ifølgje grensevaktene gjekk russiske styrkar stasjonerte i Kviterussland til åtak i grenseområdet med artilleri torsdag morgon.

Har eit luftforsvar

– Kva kan Ukraina svare med?

– Dei har eit luftforsvar med eit hundretals fly og eit godt luftvern, som kan evne å slå tilbake dei russiske luftåtaka, seier Ydstebø.

Han fortel at åtte år med krig i Aust-Ukraina har samla det ukrainske folket «i hatet mot Russland»:

– Så det er eit sterkt folk som no vil stå opp mot Russlands åtak.

Eit russisk ordtak seier at Russland utan Ukraina er eit land, medan Russland med Ukraina er eit imperium.

—  Palle Ydstebø, sek

Byggjer buffer mot Vesten

Professor ved Forsvarets høyskole, oberstløytnant Tormod Heier, fortel NTB at Russland ønskjer fire ting:

– Halde USA på armlengdes avstand, ein buffer frå Kviterussland, Ukraina og ned til Georgia og stoppe all Nato-utviding i Europa. Gjennom dette får dei også gjenreist Russlands status som ei stormakt.

Dersom Putin ikkje raskt får innført eit Russland-venleg regime i Kyiv, kan dei bli ståande i ei hengemyr slik USA gjorde i Irak – og Russland sjølv i Afghanistan, meiner Heier.

Får materiell frå USA

– Kva treng Ukraina meir av no, Ydstebø?

– Militært materiell, til dømes til å møte stridsvogner med og meir luftvern.

– Kven leverer dette?

– Først og fremst USA, men også Storbritannia og Frankrike leverer.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter