Nyheter

Fem stemmer kan avgjera abortgrensas framtid

ABORT-THRILLER: Representantar frå Senterpartiet, Frp og Høgre kan avgjera om dagens abortgrense på 12 veker blir utvida. Fleire av dei har alt teke til orde for ei utviding.

Framtida til abortlova er i spel denne stortingsperioden.

I Stortinget er 80 representantar vald inn frå parti som ønsker å utvida dagens abortgrense: Ap, SV, MDG, Raudt og Venstre har programfesta ei grense på enten 18 eller 22 veker.

Ei endring av dagens abortgrense krev 85 stemmer. Fleire av desse stemmene kan koma frå representantar frå Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet.

Desse tre partia har programfesta at dei vil bevara dagens grense på 12 veker. Samstundes har partia ein tradisjon for å fristilla stortingsrepresentantar i etiske spørsmål.

Tre kandidatar opnar for veke 18

Vårt Land har snakka med og gått gjennom tidlegare utsegner frå kandidatar i Sp, Frp og Høgre. Fleire er positive til å utvide abortgrensa.

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Himanshu Gulati (Frp) og Heidi Nordby Lunde (H) har alle komme med støtte til å utvida abortgrensa fram til veke 18.

Eg meiner det er feil at det er ei nemnd i staden for kvinna sjølv som bestemmer.

—  Himanshu Gulati, Frp

Himanshu Gulati skriv i ein SMS til Vårt Land om sjølvbestemt abort fram til veke 18:

– Eg ønsker i utgangspunktet ikkje ei så stor utviding, men meiner det er feil at det er ei nemnd i staden for kvinna sjølv som bestemmer fram til det tidspunktet i dag.

Til VGs valgomat i fjor sa Åslaug Sem-Jacobsen (Sp):

– Eg personleg meiner at kvinna bør ha sjølvbestemming fram til veke 18.

Vårt Land har spurt Sem-Jacobsen om dette framleis er standpunktet hennar, men har ikkje fått svar.

I haust svara Heidi Nordby Lunde i Høgre «heilt einig» på VGs valgomats spørsmål om ein bør utvida grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12. Til Vårt Land seier Heidi Nordby Lunde at ho har vore tilhengar av ein svensk modell. I Sverige har kvinna sjølvbestemt abort til veke 18.

Ho seier vidare at ho også ser er gode argument for å bevara veke 12 som grense, og er glad for at det skal koma ei utgreiing av temaet no.

Abortutval er på trappene

Spørsmålet om kor lenge ut i svangerskapen kvinna skal ha rett på sjølvbestemt abort kløyver regjeringa i to. Senterpartiet ønsker å bevara dagens abortgrense, Ap vil utvida til veke 18.

Førebels har regjeringa skaffa seg ro rundt spørsmålet ved å varsla at det kjem eit abort-utval. Kven som sit i dette utvalet, og kva tidsfrist og mandat utvalet har, er førebels ikkje klart.

Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) skulle møte resten av presidentskapet etter at han ble valgt torsdag. Her hilser han på visepresident Morten Wold. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

To i Frp opnar for veke 14

Frp-topp Morten Wold tok i fjor vår til orde for å utvida abortgrensa til veke 14. I eit intervju med TV2 sa han at det kan vera eit godt kompromiss i abortstriden. Han viser til at ny fosterdiagnostikk og tidleg ultralyd vil kunne føra til at kvinner får kunnskap om fosteret er alvorleg sjukt mellom veke 10 og 13.

– Sånn sett så vil ein ha alle svar innan veke 14. Om ein utvidar sjølvbestemt abort til veke 14, vil nemndene bli overflødige av seg sjølv, sa Wold til TV2.

Morten Wold skriv i ein SMS til Vårt Land at han har same standpunkt i dag.

Det kan vera at folk som meg blir utsett for press og påverknad, men det må eg tole.

—  Sandra Bruflot, Høgre

Også Silje Hjemdal i Frp opnar for å kunne støtta ei utviding til veke 14. Ho seier til Vårt Land at ho ikkje har konkludert, og vil først gjera seg opp ei meining etter ei utgreiing der fleire sider blir høyrt.

– Eg er open for å vurdera ei utviding om det er sterke argument for det. Men eg synest ei utviding av abortgrensa til veke 18 eller 22, verkar drastisk. Eg har tenkt at ei utviding til veke 14 kan vera eit alternativ eg kunne ha støtta. Men mi endelege avgjersle vil takast på bakgrunn av ei grundig vurdering, ikkje som høgttenking i media på dette tidspunkt, seier Hjemdal i Frp.

Ho understrekar at endring av abortlova er ei vanskeleg sak som fortener ei skikkeleg utgreiing før den skal behandlast i Stortinget.

Carl I. Hagen ventar med å seia noko

Frp-nestor Carl I. Hagen svara «litt einig» på om han meiner abortgrensa bør utvidast, på VGs valgomat.

Han skriv i ein SMS til Vårt Land at han vil venta med å gje ei utsegn til det er ei sak til behandling i Stortinget.

Tidligere Unge Høyre leder, Sandra Bruflot, tok til motmæle mot Fabian Stangs 22. juli-utspill. Hun er enig med Ap-leder Støre i at den politiske høyresiden har et ansvar for å trekke grenser mot høyreekstreme holdninger. Arkivfoto: Fredrik Hagen / NTB

Irene Ojala i det ferske partiet Pasientfokus seier til Vårt Land at ho meiner dagens abortlov er god og at partiet forheld seg til veke 12.

Til no har det vore uklart kva Pasientfokus meiner om abortlova.

Fleire er i tenkeboksen

Fleire av kandidatane Vårt Land har vore i kontakt med, er usikre kva dei vil stemma når eit forslag kjem til Stortinget.

– Eg vil sjå an kva som kjem fram i utgreiinga og det forslaget som kjem til Stortinget, seier Sandra Bruflot (H) til Vårt Land.

– Ser du for deg at representantar som ikkje har bestemt seg, kan bli utsett for press frå partia som vil utvida abortgrensa?

– Det kan vera at folk som meg blir utsett for press og påverknad, men det må eg tole. Eg tenker det er ein styrke at ein får tenka seg om, seier Bruflot.

Eg opplever ikkje noko «trøkk» frå veljarane mine i Telemark om å endra abortlova.

—  Bård Hoksrud, Framstegspartiet

Bård Hoksrud i Frp seier til Vårt Land:

– Eg opplever ikkje noko «trøkk» frå veljarane mine i Telemark eller frå samfunnet generelt om å endra abortlova. Det er berre dykk i media som kontaktar meg om dette spørsmålet.

Han meiner dagens lov er god, men vil sjå kva det kommande abortutvalet bringar til torgs, før han tek eit endeleg standpunkt.

– Så lenge ikkje utvalet kjem med ny, viktig informasjon, vil eg halda på veke 12 som grensa, seier Hoksrud.

Ap og SV bind gruppa

På raudgrøn side har ikkje kandidatane same rom for å stemme etter eiga overtyding.

Både Ap og SV bind stortingsgruppa i abortspørsmål. Det opplyser parlamentarisk leiar Rigmor Aasrud i Ap og pressesjef Siri Gjørtz i SV til Vårt Land.


---

Abortlova

  • Abortlova vart vedteken i 1978 og lovfestar sjølvbestemt abort til 12. svangerskapsveke.
  • Etter veke 12 kan ei nemnd innvilga abort.
  • Regjeringa skal setta ned eit utval som skal sjå på abortlova, oppfølginga av kvinner som tek abort, og alternativ til dagens abortnemnder.
  • Ap og Sp står samstundes fritt til å søka fleirtal i Stortinget for sine standpunkt om abortlova.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter