Vanskelege firepartssamtaler om Ukraina held fram i mars

Samtalane i Normandie-formatet med Ukraina, Russland, Frankrike og Tyskland skal fortsetje i Berlin i mars, stadfestar tyske og franske forhandlarar.

Publisert Sist oppdatert

Møtet på torsdag mellom representantar for dei fire landa skal ha vart i ni timar, ifølgje nyheitsbyrået AFPs kjelder.

– Det var vanskelege samtalar med ulike utgangspunkt og ulike moglegheiter for ei løysing vart jobba med, seier kjeldene.

Alle representantane i dei fire landa stadfesta likevel at dei tek omsyn til Minsk-avtalen frå 2015 mellom Kiev og Moskva, og at dei er samde om å «halde fram arbeidet om å implementere han med standhaftigheit», seier kjeldene.

Dei stadfestar semje om å møtast igjen i mars etter dei neste møta i den såkalla trilaterale kontaktgruppa, som inkluderer representantar frå Russland, Ukraina og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

Normandie-formatet vart lansert i 2014 i eit forsøk å få fred i konfliktherja Aust-Ukraina. Forhandlingar mellom Ukraina og Russland, med støtte frå Berlin og Paris, førte til Minsk-avtalen frå 2015, men både Ukraina og Russland skuldar kvarandre for å bryte avtalen.

Konflikten har eskalert dei siste månadene sidan Russland har utplassert mange soldatar langs grensa til Ukraina, og vestlege land fryktar ein russisk invasjon av nabolandet.