Hatkampanje mot svensk barnevern
Svensk barnevern har dei siste dagane vorte utsette for ein kraftig hatkampanje på nettet. No blir imamar oppmoda til å ta avstand frå kampanjen.
Sveriges Imamråd og Förenade Islamiska föreningar i Sverige gjekk fredag ut med ein skriftleg uttale der dei tek avstand frå den falske ryktespreiinga, ifølgje Sveriges Radio. Dei ber om at imamane i landet tek avstand frå påstandane i samband med fredagsbønna.
Påstandar om at svensk sosialteneste «kidnappar» barn og tek dei frå muslimske foreldre utan grunn, er spreidde både i svenske innvandringsmiljø og i utlandet. Ein video der ein mann står i snøen og roper at han vil ha tilbake dei kidnappa barna sine, er delt tusenvis av gonger, og har skapt frykt og sinne i familiar med innvandringsbakgrunn.
I sakene som blir brukte som døme, er det snakk om barn som er fjerna frå foreldra etter domsavgjerder. Barna har ifølgje svenske styresmakter vorte utsette for psykisk og fysisk vald.
Ryktespreiinga finn først og fremst stad på arabiskspråklege sosiale medium, og mykje tyder på at desinformasjonskampanjen blir utnytta av ytterleggåande grupper for å skape splitting i det svenske samfunnet.
Måndag samla demonstrantar seg utanfor riksdagen i Stockholm for å protestere mot «kidnappingane». Ein ny demonstrasjon blir planlagd i Göteborg søndag.